Politiet delte ut ti førelegg i fredagstrafikken

Fredag utførte Utrykningspolitiet ein laserkontroll på E39, Osterfjordvegen, mellom klokka 10.20 og 12.20.

Fredag utførte Utrykningspolitiet ein laserkontroll på E39, Osterfjordvegen, mellom klokka 10.20 og 12.20. Foto:

DEL

Fredag utførte Utrykningspolitiet ein laserkontroll på E39, Osterfjordvegen, mellom klokka 10.20 og 12.20. På staden, i Røssvikdalen, er det 50-sone.

På desse to timane var det åtte sjåførar som måtte køyre vidare med forenkla førelegg grunna for høg fart, der den høgaste vart målt til 65 km/t. Dette vil seie at sjåføren med størst hastverk vart 3800 kroner fattigare.

I tillegg fekk to sjåførar forelegg for mobilbruk i bilen, noko som også medfører to prikker på førarkortet.

Artikkeltags