Atferdskontroll blant bilistane i Isdalstø: Ein person utan setebelte

DEL

Ikkje lenge etter laserkontrollen i Røssvikdalen i Knarvik fredag, var Utrykningspolitiet igjen i aksjon på E39 i Isdalstø.

UP gjennomførte denne gongen ein atferdskontroll, som resulterte i at heile sju personar på kort tid vart tatt for bruk av mobiltelefon medan dei køyrte. Dette kosta dei alle 1700 kroner, i tillegg til to prikkar i førarkortet. Til saman vart det dermed delt ut til saman 11.900 kroner i forenkla førelegg.

I tillegg stoppa politiet ein bil der ein person ikkje benytta seg av sikkerheitsbeltet. Satsane på det forenkla førelegget for manglande beltebruk, er det same i både buss og bil, og er på 1500 kroner.

Artikkeltags