Politiet bekymra for bilistar med høg fart: - Vi oppmodar alle til å respektere 50-sona

Trafikkansvarleg Sindre Erstad, håper alle kan respektere 50-sona i Ådlandsvegen.

Trafikkansvarleg Sindre Erstad, håper alle kan respektere 50-sona i Ådlandsvegen. Foto:

DEL

Onsdag hadde politiet kontroll i Ådlandsvegen like ved Grasdal skule.

- Det er veldig høg gjennomsnittsfart der, fortel trafikkansvarleg Sindre Erstad ved Nordhordland lensmannskontor.

Han fortel at seks stykker fekk forenkla førelegg. Den høgaste farten blei målt til 64 km/t i 50-sona.

- Alle køyrer 10 kilometer eller fortare på den vegen, seier han.

Han har ei klar oppmoding til alle:

- Dette er ein veg kor det er masse barn. Alle må respektere 50-sona, seier han.

Artikkeltags