Falldramatikk i Modalen: flydd til Haukeland i redningshelikopter

Både brannvesen og politi rykka ut til ei fallulykke i Modalen rundt klokka 12 laurdag formiddag.

DEL

Politiet meldte via nettstedet Twitter at naudetatane rykte ut til ei fallulykke ved Steinsland i Modalen. Personen skal ha falt ned ei 10 meter bratt skrent, og måtte hentast ut.

– Vi fekk melding klokka 12 frå eit jaktlag om nokon som hadde falt utfor ei skrent, melder Jan Ove Haga ved 110 Hordaland.

Redningshelikopter var på staden, og personen er no på veg med helikopter til Haukeland sjukehus, melder politiet klokka 13.47 via Twitter.

Artikkeltags