Oljeutslepp var tankingsuhell på oppdrettsanlegg

Lensmann: Ivar Holmaas er lensmann i Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt.Arkivfoto

Lensmann: Ivar Holmaas er lensmann i Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt.Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Skjedde i samband med fylling av diesel på båt.

DEL

Søndag kveld fekk brannvesenet melding om eit stort oljeflak i Masfjorden, på omlag 5-6000 rutemeter.

– Brannvesenet fann ut i går at lekkasjen kjem frå eit oppdrettsanlegg i området, seier Lensmann Ivar Holmaas, i Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt.

LES OGSÅ: Leitar etter kjelda til oljeutslepp på 6000 kvadratmeter

– Det skal vera eit uhell i samband med fylling av diesel på ein båt. Det er enno litt uklart kva mengde diesel det er snakk om, men det er uansett ikkje dei store mengdene. Det skal vera snakk om 100-150 liter, etter det vi har fått opplyst så langt, seier Holmaas.

Oljeflaket har spreidd seg til eit stort område.

– Det luktar diesel i området, men olja vil etter kvart fordampe. Uansett er dette noko som ikkje skal skje, seier han.

Brannvesenet skal gjera ytterlegare undersøkingar i dag.

LES OGSÅ: Politiet leita etter mann som skal ha sprunge ved sidan av bilen sin

– Dei skal ut og sjekka området, for å sjå om det er fare for noko meir utslepp. Vi vil følga opp i ettertid, og undersøka med selskapet. Vi reknar med at kjelda til utsleppet sannsynlegvis er avklart, seier Holmaas.

Han seier opplysningane om uhellet kom fram i dialogen brannvesenet hadde med selskapet søndag.

– Så får vi sjå kva dette blir til. Det er eit uhell så langt vi har opplysningar om til no, seier han.

Artikkeltags