Mongstad evakuert grunna gasslekkasje

Klokka 08.13, mandag morgon,  melde Vest politidistrikt om evakuering av Equinor Mongstad.

Klokka 08.13, mandag morgon, melde Vest politidistrikt om evakuering av Equinor Mongstad. Foto:

DEL

Klokka 08.13 måndag morgon melde Vest politidistrikt om evakuering av Equinor Mongstad.

– Evakuering sett i verk grunna lekkasje (LPG) inne på raffineri-anlegget, skreiv Vest politidistrikt på Twitter litt over klokka 08.00

Politiet vart varsla 07.54.

– Det er ein lekkasje av LPG (Liquid Petroleum Gas) frå ein tank. På Mongstad har dei gode prosedyrar for dette, men vi har to patruljar på veg for å hjelpe til med evakueringa til dei har fått kontroll, sa operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt til BA.

– Det skal ikkje vera nokon umiddelbar eksplosjonsfare.

Klokka 08.45 fortel Håkon Myking, vaktkommandør ved 110-sentralen, at lekkasjen er stoppa.

– Det aktuelle anlegget vart kjølt ned, og lekkasjen er no stoppa, fortel han til BA.

Brannmannskap vart sendt frå Austrheim og Lindås og Meland brannvern. Også industribrannvern på anlegget jobba med å stoppa lekkasjen.

300 tilsette

Ingen er meldt skadd, og årsaka til lekkasjen er enno ukjent.

– Det var om lag 300 tilsette på anlegget då det skjedde. Vi har kontroll på alle, og dei som ikkje har beredskapsoppgåve er flytta frå anlegget, seier pressekontakt Elin A. Isaksen i Equinor til Avisa Nordhordland.

– Når ser du for deg av drifta er i gong?

– Det vil eg ikkje spekulera i. No jobbar vi for å få kontroll på situasjonen. Vi flytter våre tilsette når dei er trygg og sikker, seier Isaksen.

Klokka 13.50 måndag kom Equinor med beskjed om at «faren» var over klokka 10.16, og arbeidet vart deretter starta igjen på anlegget.

Equinor skal undersøka kva som er årsaka til lekkasjen.

Artikkeltags