Resultatlaust søk etter sakna båtførar

Jan Rydheim har vore sakna sidan i førre veka. Politiet trur dei veit kor båten gjekk ned og har måndag konsentrert søket i det området.

Jan Rydheim har vore sakna sidan i førre veka. Politiet trur dei veit kor båten gjekk ned og har måndag konsentrert søket i det området.

Tirsdag held leitinga fram under vatn etter den antatt omkomne 56-åringen.

DEL

Politiet opplyser til BA at søket på mandag etter den sakna båtføraren Jan Rydheim (56) ikkje gav resultat.

Gjennom dagen vart det brukt undervassbåt i området vest for Rongevær i Austrheim kommune i Nordhordland.

– Vi har avslutta søket for dagen, men startar opp at tirsdag morgon, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

Det vart ikkje gjort nye funn mandag. 

Konkret område

Søket foregår ved eit skjær der politiet har funne merker, som politiet koplar til saken.

– Vi meiner at det har tilstøtt båten noko i forbindelse med at den har køyrd på eit skjær, opplyser Vangberg.

Han fortel også at politiet har etterretning og opplysningar som underbyggjer denne teorien. Blant anna er det innhenta trafikkdata og radarinformasjon frå trafikksentralen.

Gode søkeforhold

Søket under vatn held fram med uforminska styrke tirsdag morgon.

Lensmannen opplyser at det er gode søkeforhold i området.

– Det er forholdsvis vindstille der, men dønninger er det sjølvsagt litt av. Det er gode forhold og vêrmeldingane seier at det skal vere gode forhold tirsdag også.

Frå Nord-Noreg til Bergen

Den sakna båtføraren, Jan Rydheim (56), har lang erfaring på sjøen. Han førte båten «Paragon», ein 31 fots fritidsbåt, som skulle køyre frå Sandnessjøen i Nordland til Hjellestad i Bergen.

56-åringen skulle selje båten i Bergen. Klokka 1030 fredag snakka han med ein kamerat på telefonen. Plutseleg høyrde vennen eit dunk, og samtalen vart broten.

Artikkeltags