Sjekk vårt nye Pokémon Go-kart

Av og
Artikkelen er over 3 år gammel

Mobilspelet Pokémon Go har fått både gamle og unge til å gå mann av huse for å finna Pokémons. No kan du dela dine funn med andre.

DEL

Vi har laga eit kart der spelarane kan finne stedar der dei kan gå for å finne pokestops og gyms. Alt du må gjera er å klikke på teksten «Legg inn pokestop/gym» øverst til høgre på kartet. Då kan du markera kor du har gjort funn, og legge til ein liten tekst.

Jakta pokèmon-jegarar

Pokèmonfeberen herjar framleis Nordhordland, og fire jenter lagde sin eigen variant.

Etter å ha køyrt forbi fleire av dei populære «Pokè-stopsa» kom Celine Daviknes Halland, Rikke Natland, Sanne Pooja Hauge og Sara Sunaina Hauge på ein idé.

LES OGSÅ: Pokèmon-jakt fekk folk til å ringa politiet

– Vi ville dela ut vaflar for å fanga pokemonjegarane i staden for å fanga Pokèmons. Slagordet blei «Before you catch em all, catch a waffel» fortel Celine Halland med eit smil.

På kvelden stilte jentene dermed opp med varme vaflar på dei såkalla pokè-stopsa i Knarvik og Tellevik, i byte mot å få ta bilde av dei som var ute på Pokèmon-jakt.

Pokemonfeber

– I alt fanga vi pokèmonjegarar tilsvarande to pakkar vaflar. Trass i ausande regn vart det topp stemning, mykje latter og mange glade pokemonjegarar, seier Sara fornøgd.

LES OGSÅ: Fekk Pokemon Go-bot i Knarvik

Pokemonfeberen har lenge herja Nordhordland og resten av verda. Spelarane av «Pokèmon Go» går rundt med mobilen i handa. Ved å bruka GPS og mobilkamera vert Pokemon plassert inn i vår verd, og spelarane kan fanga dei som i den populære tv-serien Pokèmon.

POKÉMON GO

  • Lansert 6. juli i år
     
  • Et mobilspill som kombinerer GPS-lokalisering med 3D-grafikk og lar spillerne jakte på Pokémon-figurer via mobilkameraet.

Artikkeltags