På heimesidene sine opplyser Lindås kommune om at dei no har bestilt eit nytt parti med middelet Nemaslug, og inviterer til ny dugnad for å redusere talet på brunsniglar i kommunen.

Utdelinga skjer onsdag 7. juni kl 18.00. Då deler kommunen ut middelet Nemaslug gratis på fire plassar i kommunen:

  • I Nordhordlandshallen i Knarvik
  • I gymsalen på Alversund skule
  • I Lindåshallen på Lindås
  • I idrettsbygget på Ostereidet

– Det er berre ein pose per hushald! Klarar du ikkje å kome deg til ein av dei fire plassane på utdelingsdagen, kan du alliere deg med ein nabo eller ein du kjenner. Då må du utruste hjelparen din med eit løyveskjema, opplyser kommunen på sine heimesider.

 

Dei som hentar kan berre ta med seg til to naboar/kjende i tillegg til seg sjølve.

Middelet Nemaslug vert nytta mot brunsniglar, og i er tredje og siste året Lindås kommune deler ut middelet gratis.

– Vi set stor pris på engasjementet og ønskjer alle lykke til med felles dugnad for ein kommune med mykje hageglede – og lite brunsnigel! oppmuntrar kommunen.

Les også

Benedikte (33) og Morten (35) og satsar alt på bondelivet – i robotfjøs