Pisk og gulrøter – svar til Askeland

Signhild Dyrkolbotn reagerer på at fylkesordførar Jon Askeland (Sp) akepterer at lokalpolitikarar blir utsett for pisk og gulrøtter for å gå med på byvekstavtalen.

Signhild Dyrkolbotn reagerer på at fylkesordførar Jon Askeland (Sp) akepterer at lokalpolitikarar blir utsett for pisk og gulrøtter for å gå med på byvekstavtalen. Foto:

Av
DEL

MeiningarFylkesordførar Askeland forsvarar Byvekstavtalen med at den er eit samarbeid. Det held ikkje, meinar eg. Samarbeid er ein metode, og har korkje positiv eller negativ eigenverdi. Det kjem heilt an på kva ein samarbeider om. Både dei finaste byggverk og dei styggaste folkemord kjem i stand gjennom samarbeid.

Eg er for samarbeid om gode klimatiltak mellom frie, likeverdige partar som er samde om mål og verkemiddel. Men eg trur at desentralisering må til for å redde klimaet. Så eg vil ikkje samarbeide om byvekst. Det som ein samarbeider om, vert ein ansvarleg for. Kanskje eg likevel må bøye meg for tvang eller for fleirtalsvedtak som går mot mi overtyding, men det er ei anna sak.

Når nokon skal tvingast, så skal ein ikkje bruke ordet «samarbeide» Tvang kan iblant forsvarast, og overprøving også, men då må det snakkast 100% sant om kva som skjer. Slikt må grunngjevast nøye. Tåkelegging med misvisande ord har blitt eit stort samfunnsproblem. Korrekte og fullstendige opplysningar ut til folket er ein føreresetnad for demokrati. «- pisken ligg der altså», skriv Askeland. Gulrøtene er «..samla sett over 1,5 MRD årleg.» Staten tek bort alle pengane som skulle ha redda klimaet, om Alver ikkje vedtek byvekstavtalen...

Pisk og gulrøter høyrer ikkje heime i ein samarbeidsavtale, meinar eg. Det høyrer ikkje heime i barnehagen ein gong. Det er brei semje i pedagogikken om at pisk og gulerøtter er forelda, mindreverdig metodikk. Annanrangs. Med bruk av pisk og gulrøter, så er det ikkje sjølve oppgåva som er drifkraft og motivasjon, men belønning/straff. Slik manipulering kan hindre borna i å bli sjølvstendige, tenkjande, kritiske og skapande individ med trygt mot til å ta ansvar både for seg sjølv og andre. Å møte små eller store medmenneske med pisk og gulrøter, vitnar om eit uakseptabelt menneskesyn. Det er nedvurdering av medmenneske, og uforeineleg med demokratisk tankegang. Er pisk og gulrøter innblanda, vil eg heller kalle det for i ein føydalherrekontrakt enn for ein samarbeidsavtale.

Askeland skriv om arealbruk: «Gjeldande vedtak, plan og lovverk med innebygd motsegnsrett ligg der uansett byvekstavtale,» Jasså? I så fall kan vel heile kapittel 5 «Arealplanlegging» i Byvekstavtalen fjernast. Då har kap 5 inga verdi, utan å fortelje korleis «nokon» tolkar gjeldande vedtak, plan og lovverk. «Nokon» si tolkning bør ingen andre pressast til å skrive under på.

Offentlegrettsleg har vi gode reglar for korleis avgjerder skal takast, men lite er bestemt om kva avgjerdene skal gå ut på. Privatrettsleg - og avtalerettsleg - er det omvendt. Byvekstavtalen ser eg på som ei mislukka kryssing av dei to rettsartane. Avtalen er etter mitt syn eit fordekt og lovstridig forsøk på å innskrenke den offentlegrettsleg avgjerdsmakta til kommunestyra, - med triks frå privatretten. Byvekstavtalen fastlegg INNHALD i kommunestyra sine vedtak, mens den offentlegrettslege innsigelsesretten i Pbl seier at staten KAN protestere på vedtak utifrå overordna omsyn. Forstår ikkje Askeland forskjellen? Heller ikkje fylkesmann Sponheim? Det er himmelvid forskjel. I Byvekstavtalen skriv kommunane frå seg eit stort rom for skjøn og konkrete vurderingar.

Staten styrer uansett, skriv Askeland. Javel, men staten er jo eit folkestyre! Eg meinar at fylkesmann Sponheim, og kommunalminister Astrup, og vegsjefen og endå fleire byråkratar, har fått for stor makt til å overprøve dei lokale folkevalde. Regjeringane er allmektige i statar med diktatur. Men i folkestyrer skal makta vere hjå dei folkevalde. «All makt i denne sal», fekk Sverdrup gjennomført for Stortinget 1884. No bør vi tenkje grundig gjennom kva folkestyre inneber på lokalt nivå. Embedsmennene si makt bør begrensast. Og innsigelseretten i Pbl bør strammast inn.

Subsidiært:

Dersom Alver kommunestyre likevel kjem til at det vil vedta Byvekstavtalen i tru og tillit til at den berre er ein politisk intensjonsavtale som ikkje er juridisk bindande, så bør det takast atterhald om det i vedtaket. Til dømes:

«Byvekstavtalen vert godkjent under føresetnad av at den er å forstå som ein politisk intensjonsavtale som ikkje er juridisk bindande, utan tilknytta erstatningsansvar for kommunen, og at den kan seiast opp etter x antal år utan at kommunen vert sanksjonert.»

Dyrkolbotn, 16. februar 2020

Signhild Dyrkolbotn

(jurist med offentleg rett spesialfag)

Artikkeltags