Personbil køyrt i grøfta og velta på Mongstad

Politiet melder om ei bilulykke inne på Mongstad sitt område.

DEL

Klokka 08:50 fekk politiet melding om ein personbil som køyrde i grøfta og velta inne på Mongstad sitt raffineriområde.

Det er ingen personskade eller lekkasje frå køyretøyet. Politiet er på veg til staden.

Politiet sin operasjonssentral opplyser avisa Nordhordland om at ambulanse no er på staden.

Arbeidsulykke

Lensmann i Nordhordland, Kjell-Idar Vangberg, seier at det dreier seg om ei arbeidsulykke.

– Bilen er ein firmabil som velta i forbindelse med arbeid inne på Equinor Mongstad sitt område. Det er ingen personar som er skadde.

Han opplyser om at politiet er komen på staden.

Artikkeltags