Gå til sidens hovedinnhold

Personbil køyrd utfor vegen

Måndag klokka 1632 vart det meldt om ei trafikkulykke i Mastrevik i Austrheim kommune. Ein bil med to personar køyrde utfor i Austrheimvegen.

Berre den eine bilen skal vere involvert i ulykka.

Vest politidistrikt opplyser at skadeomfanget på dei to personane er ukjent.

Naudetatane er på veg til staden.

Materielle skadar

Klokka 1646 melder operasjonsleiar Steinar Hausvik at ambulanse framme på staden, og at politiet er på veg.

– Det er materielle skadar på bilen, men ikkje særleg personskadar, seier han til Avisa Nordhordland.

Dei to personane som sat i bilen vert sjekka av helsepersonell, og bilen er ute av køyrebana.

Airbagen vart ikkje løyst ut under kollisjonen, ifølge Hausvik.

Det er framleis for tidleg å seie kva årsaka til ulykka er.

Avisa Nordhordland oppdaterer saka.

Kommentarer til denne saken