«Personar med demens treng meir enn eit rom med tak over, og eit måltid. Dei treng aktivitet og meiningsfulle dagar, akkurat som resten av oss!»

Lisbeth Sjursen er styremedlem i Nordhordland Demensforening. Foreininga reagerer på innsparingstiltaka som vil ramme Alversund Dag- og Aktivitetssenter. Ho meiner rådmannen sitt forslag i praksis vil bety nedlegging, og krev at administrasjon og politikarar snur. Arkivfoto

Lisbeth Sjursen er styremedlem i Nordhordland Demensforening. Foreininga reagerer på innsparingstiltaka som vil ramme Alversund Dag- og Aktivitetssenter. Ho meiner rådmannen sitt forslag i praksis vil bety nedlegging, og krev at administrasjon og politikarar snur. Arkivfoto Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Dei siste 8 åra har Lindås kommune (no Alver) bygd opp eit unikt dagtilbod for personar med demenssjukdom. Alversund Dag- og Aktivitetssenter er eit dagtilbod for personar med demens, som framleis har glede av fysisk aktivitet og arbeid, samt sosialt samvære med andre. Som heimebuande med demenssjukdom treng ein noko meiningsfylt å fylle dagane med, og pårørande får sårt tiltrengt avlasting.

Dagtilbodet i Alversund helselagshus har eit stort uteareal kor brukarane sjølve får ta del i naudsynt arbeid, som til dømes vedhogst, plenslått og maling. I tillegg er området god egna for turgåing i terreng, og kvar dag er brukarane ute i naturen.

Sjølve huset ber meir preg av ein koseleg heim på ein gard, enn ein institusjon. Og dei dyktige aktivitørane som driv staden stimulerer alle sansane til brukarane; med lukt av heimelaga mat, fine blomar og dekor, og song og musikk. Stimuli av sansar er som kjent ein viktig faktor i omsorg og trivsel for personar med demens.

Lindås kommune fekk Nasjonalforeninga for Folkehelse sin demenspris for dette unike dagtilbodet i 2013. I boka «En dag og en reise» vert og Alversund Dag- og Aktivitetssenter trekt fram som eit framifrå eksempel på eit godt tilbod til personar med demens, på landsbasis. Besøkande kjem frå andre plassar i landet for å få inspirasjon til arbeidet med demensomsorg i deira kommunar. Alver kommune har med andre ord god grunn til å vere stolt av dette unike tilbodet!

No står aktivitetssenteret på kommunen si liste over forslag til kva som kan kuttast for å redde kommuneøkonomien i den nye storkommunen. Dei foreslår å «flytte» tilbodet frå helselagshuset i Alversund til Såtabu – den gamle sjukeheimen i Knarvik. I praksis betyr dette nedlegging. Det er ikkje plass til alle brukarane frå Alversund på Såtabu, og det unike aktivitetstilbodet ein har i Alversund forsvinn.

Personar med demens treng dessutan meir enn eit hus med tak over, og eit måltid. Dei treng aktivitet og meiningsfulle dagar, for å ha eit godt liv.

Nordhordland Demensforening ber difor på det sterkaste at politikarar og administrasjon snur i denne saka, og sikrar videre drift av dette unike tilbodet.

På vegne av styret i Nordhordland Demensforening - Lisbeth Sjursen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken