Gå til sidens hovedinnhold

Pengedryss frå Avisa Nordhordland også i år: Deler ut 200.000 kroner

– Eg er glad for at vi som lokalavis får bidra med slik støtte, seier konstituert redaktør i Avisa Nordhordland.

Saman med Amedia og Sparebankstiftelsen DNB deler Avisa Nordhordland ut 200.000 kroner til foreiningar og organisasjonar i vårt område.

– Som ein viktig samfunnsinstitusjon er det viktig for oss å bidra til å skape gode lokalsamfunn, seier konstituert redaktør i avisa, Sirill Soltveit Heimdal.

Ho er glad for at avisa i år også får vere med å bidra til å spegle og utvikle lokal kultur og identitet.

Vellykka

I fjor delte avisa ut 150.000 kroner. Det var 37 søkjarar som totalt søkte om 1.305.980 kroner.

Av dei 37 fekk 17 støtte.

– Blant dei var Ungdomslaget Varden som fekk 15.000 kroner til Grasdal ungdomshus og utvikling av tilbodet til ungdomslaget, seier Heimdal.

Fjorårets utdeling var vellykka, sjølv om det var vanskeleg å velje ut kven som skulle få støtte.

– Det var stor respons under fjorårets utdeling. Då er det ekstrakjekt å få gjenta det i år, og denne gongen med endå meir midlar til rådigheit, seier Heimdal.

Totalt 25 millionar kroner

Pengestøtta frå avisa inngår i ei ordning som omfattar 76 aviser eigd av Amedia-konsernet. Til saman skal det bli delt ut 25 millionar kroner i støtte til opne aktivitets- og fritidstilbod, og annan ideell verksemd i regi av lokale lag og foreiningar i dei kommunane som avisene dekker.

Utdelinga skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB, som for fem år sidan kjøpte Amedia og oppretta Amediastiftelsen for å vareta eigarskapet.

Utlysinga av 25 millionar kroner i støtte skjer i tråd med formålet til Amediastiftelsen: «Eie norske aviser og tilknyttet virksomhet. Virksomhet som eies skal drives på forretningsmessig grunnlag. Stiftelsen kan bruke av sitt overskudd til å gi bidrag til allmennyttige formål.»

Dette er juryen

Søknadsfristen er 4. mai. Deretter skal ein lokal jury, beståande av personar frå avisa og eksterne medlemmer, bestemme kva slags tiltak som får midlar. Offentleggjering vil skje 1. juni.

Dette er medlemmene i juryen:

  • Sirill Soltveit Heimdal, konstituert redaktør i Avisa Nordhordland
  • Vegard Flatøy, journalist i Avisa Nordhordland
  • Ling Michelle Aadahl, utvalsleiar for Ungdomsrådet i Alver kommune
  • Bjørn Olav Benjaminsen, tidlegare vinnar av Lindås kommune sin kulturpris og mangeårig medlem i Lindås ungdomslag.

– Eg er stolt over årets jury, og at dei alle har takka ja til å vere med, seier Heimdal.

Søknadar kan berre bli levert gjennom søknadsportalen. Klikk her.

Les meir om fjorårets utdeling her:

Avisa Nordhordland deler ut 150.000 kroner – desse 17 prosjekta får støtte

Kommentarer til denne saken