Tysdag opplyser Norled at dei har fått beskjed frå kommuneoverlegen i Høyanger om at ein passasjer som har tatt ferja mellom Lavik og Oppedal har fått påvist koronasmitte.

Personen skal ha tatt ferja M/F Stavanger klokka 11.50 den 20. september. Passasjeren skal ha vore ombord på ein buss.

Kommuneoverlegen har opplyst om at smitterisikoen for andre passasjerar på ferja skal vere vurdert som svært låg og usannsynleg.

Kommuneoverlegen skal ha opplyst til NRK at busspassasjerane vart testa ved framkomst i Stavanger.