– Lyst og fint i Fjellstova

-FINT OG LYST: – Det er godt å ha moglegheita til å stikka innom her viss ein vil, seier Frode Brygger Sætre.

-FINT OG LYST: – Det er godt å ha moglegheita til å stikka innom her viss ein vil, seier Frode Brygger Sætre.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I påska opna Stordalen fjellstove etter ei tid med utbygging og oppussing. – Det er kjekt å ha ein stad å stikka innom.

DEL

Det seier Frode Brygger Sætre, som er på hytta hjå sine foreldre i påska.


– Hytta ligg ikkje langt unna fjellstova, og det er difor godt å ha moglegheita til å stikka innom her viss ein vil, seier han.


Han synest det har vorte flott i fjellstova etter renoveringa.


– Det er lyst og fint. Ein triveleg stad å trekka seg litt tilbake for å eta middag, eller kjøpa seg ein vaffel og kaffi, som eg har gjort i dag, seier han.

I Stordalen kvar påske

Eilen Korneliussen har vore på påskeferie Stordalen kvart år så lenge ho kan hugsa.


– Vi pleier å leia oss hytte her, noko som er ein veldig fin tradisjon. Hadde dette tilbodet forsvunne veit eg ikkje kva eg hadde gjort, då hadde vi ikkje hatt nokon stad å vera i påska, seier ho.


Då avisa Nordhordland møtte ho påskeaftan, hadde ho nettopp kome til Stordalen for andre gong denne påska.


– Eg var her første runde i palmehelga saman med ungane mine og foreldra mine. No skal eg, mannen min og ungane våre leia annekset. Her skal vi vera resten av påska, fortel ho.

– Bra dei tør å satsa

Korneliussen og mannen meiner oppussinga og utbygginga av Fjellstova er positivt.


– Det har vorte annleis etter at dei har bygd ut. Det har vorte mykje større, og ikkje minst finare. Møblane synest eg også er veldig fine, seier ho.


Bård Grønhaug meiner det er bra Stordalen Fjellstova tør å satsa.


– Eg håper dei lukkast, det trur eg dei gjer, seier han.

Artikkeltags