Har bygd ut i Stordalen for tolv millionar kroner

UTBYGGING: Stordalen Fjellstove har vorte utbygd og rusta opp for 12 millionar kroner. Begge Foto: Øyvind Bjerkestrand

UTBYGGING: Stordalen Fjellstove har vorte utbygd og rusta opp for 12 millionar kroner. Begge Foto: Øyvind Bjerkestrand

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Med større matsal og nye møterom satsar Stordalen Fjellstove på å trekke til seg næringslivet til Stølsheimen.

DEL

I palmehelga er det duka for opning av Stordalen fjellstove etter omfattande utbygging. I tillegg til oppussing i dei to nedste etasjane så har heile bygget blitt seks meter breiare.

– Vi har utvida matsalen, bygd ny terrasse utanfor matsalen og vi utvidar kjellaretasjen med møte- og konferanselokale, seier Bjørnar Vik. Han er dagleg leiar i Stordalen Fjellstove som eig bygga og grunnareala. I tillegg til hovudbygget har dei 12 millionane også gått til andre tiltak.

– Vi har blant anna fått inn ny vassforsyning til bygget og vi har utvida vegen ned til fjellstova og fått rundkøyring for bussar, seier Vik.

LES OGSÅ: Fjellstova opnar til påske!

Næringsliv

– Vi kjem til å satse hardt på fjellstova som konferansesenter, seier Vik. I kjellaren vil det verta møterom for 80 personar.

– Vi håpar å lokke til oss både næringslivet og det offentlege, seier Vik. Dei tilsette trur Stordalen vil vere attraktivt som konferansesenter.

– Vi kan tilby unike friluftsopplevingar. I omgivnader som dette vert det betre møtekultur. Folk vert meir avslappa og kreative og kommunikasjonen vert betre. Derfor meiner vi Stordalen passar perfekt som konferansestad, seier Arne Berg som har ei deltidsstilling i Stordalen Oppleving, som driftar fjellstova.

«Slepp deg laus»

– Vi har starta eit prosjekt med fylkeskommunen og Innovasjon Norge som heiter «Slepp deg laus», fortel Berg. Prosjektet handlar om å utvikla Stordalen som naturområde og trekke turistar.

– Vi har vore på samlingar med Bergen reiseselskap og prøvd å vise oss fram. Vi prøver å promotere det tilbodet vi har med blant anna vandrekampanjar og turmoglegheiter for sykkel og gonge. Vi ser først og fremst mot Bergensområdet, men etter kvart også mot resten av Norge og utlandet, seier Berg.

Ny kokk

Stordalen Fjellstove har berre to faste tilsette. Ved sidan av dagleg leiar Sissel Trædal vart Kristina Myrseth i vinter tilsett som ny kokk ved fjellstova.

– Vi var svært spent når vi lyste ut stillinga og vart overvelda då vi fekk inn 34 søknader. Kristina har god og brei erfaring og det er alltid greitt å få inn nye folk utanfrå med nye tankar og idear. Ho er eit friskt pust i drifta, seier Bjørnar Vik.

Artikkeltags