Del dine påskeminner med oss!

Dette bildet er merka med #avisanh på Instagram av brukaren @rasletten. Guten ligg i hengekøya ved hytta og lyttar til lydbok. Vis oss kva du gjer i påska!

Dette bildet er merka med #avisanh på Instagram av brukaren @rasletten. Guten ligg i hengekøya ved hytta og lyttar til lydbok. Vis oss kva du gjer i påska!

For nokon er påska skiturar og hytte, for andre er det sjøliv og båt, medan nokon bruker den gjerne berre som avkopling heime. Vis oss gjerne kva du bruker dagane til!

DEL

Vi i Avisa Nordhordland vil gjerne sjå korleis påska blir brukt i alle delar av vårt distrikt. Derfor oppmodar vi no alle nordhordlendingar og tilreisande til å vise oss dykkar påsketid, for å dele den med oss og resten av Nordhordland.

Send oss gjerne bilde på Facebook-sida vår, på e-post til redaksjonen@nordhordland.no eller på Instagram med emneknaggen «#avisanh», slik som på bilda under.

Vi ønsker gjerne å sjå bilde av alt ifrå menneske og kjæledyr til aktivitetar og natur, og vi oppmodar folk til å by på seg sjølv. Forklar også gjerne kva og kven ein kan sjå på bilda.

Bilda takast imot med stor takk, og vi i avisa ønsker dykk alle ein god påske vidare!

Artikkeltags