Gå til sidens hovedinnhold

Parkeringstrøbbel for det populære friluftsområdet. No ber dei om hjelp til løysing

Vegen til det populære friluftsområdet går gjennom eit tettbygd område. Det skaper trøbbel når besøkande med bil vil bade, grille og spele frisbeegolf.

For abonnentar

Ytst på Frekhaug i Alver kommune ved Salhusfjorden ligg Haltejohansvika. Området, som kan by på fin badeplass, grillområde og frisbeegolf, er særleg populær om sommaren.

Tidlegare har området i stor grad blitt brukt av dei som bur i nærleiken. Dei siste åra har dette endra seg, og stadig fleire utanfrå kjem for å besøke friluftsområdet, som er drifta av Bergen og Omland friluftsråd (BOF).

Utfordringa er at det ikkje er avsett eit område for parkeringsplass. Det er likevel eit areal som har blitt brukt til dette. I fjor bestemte BOF seg for å planere eit område for å leggje betre til rette for besøkande med bil.

– Vi var vel kanskje for optimistiske og tenkte at det skulle vere ei god løysing. Men då fekk vi tilbakemelding frå kommunen at det ikkje var regulert som parkeringsplass, seier driftsplanleggar i BOF, Lars Torgilstveit.

Denne veka blei parkeringsplassen stengd av etter ønske frå Frekhaugmarka vel.

Høg trafikkmengde og råkøyring

Årsaka til at velforeininga har bedt BOF om å stenge av parkeringsplassen, er at trafikkbelastninga gjennom bustadfeltet skal ha auka drastisk den seinare tid. Det skal også ha vore episodar med råkøyring, noko som bekymrar velforeininga og bebuarar.

– Det bur mange barnefamiliar her, og vi har ikkje eit barn å miste, skriv foreininga på Facebook.

Dei viser også til at området den seinare tida har blitt brukt til festing. Fleire av dei som har nytta området på kvelds- og nattestid, skal ha køyrd bil med høg musikk.

Leiar i velforeininga, Mabel Johansen, seier trafikksituasjonen har blitt oppfatta som særs dramatisk for bebuarane.

– Fleire kjem køyrande i høg fart, noko som utfordrar trafikktryggleiken, spesielt for barn.

Ifølge Johansen har utfordringa vore til stades i fleire år. Det er først i vår at trafikkmengda har auka betydeleg.

– No måtte vi konkludere med at det ikkje kan halde fram med slik.

Etter dialog med BOF, blei kjettingen hengd på tidlegare denne veka.

Saka held fram etter bildet.

– Det blir for enkelt

Jorunn Undheim Nilsen bur i nærleiken av friluftsområdet. Då ho tysdag såg at parkeringsplassen var stengd av med kjetting, spurde ho i Facebook-gruppa «Oppslagstavle for Meland» om årsaka. Innlegget førte til debatt om saka.

– Eg har forståing for at bebuarane opplever det som utrygt, men eg synest det blir for enkelt å stenge av og be folk parkere på andre stader.

Ho seier det har blitt vist til at ein til dømes kan parkere på bensinstasjonen i nærleiken.

– Men dei har få parkeringsplassar, og dei skal dei sjølvsagt få ha til kundane sine.

Nilsen synest det er dumt at ein blir oppmoda til å bruke området, utan at det er tilgjengeleg for alle.

– Det er til dømes plassert ein stolpe knytt til Stolpejakten Alver, og ein kan spele frisbeegolf. Då er det dumt at ein ikkje kan leggje betre til rette for dei som køyrar.

Ho tenker spesielt på dei som er eldre og dårleg til beins, eller dei med nedsett funksjonsevne som er avhengige av bil.

– Ein kan ikkje forvente at alle kan gå langt for å komme til området. Eg forstår begge sider av saka, men det er synd viss dette skal avgrense kven som kan bruke området.

– Ei vanskeleg sak

Dersom BOF ønskjer å få ein varig parkeringsplass, må dei søke til kommunen. Sidan området ikkje er regulert, vil det vere ein omfattande prosess før ein kan få endeleg svar.

– Vi må følge lovverket, så no må vi ta stilling til om vi ønskjer å gå gjennom ein slik søknadsprosess for denne plassen eller eventuelt sjå på andre mogelege løysingar saman med kommunen og velforeininga, seier Torgilstveit.

Enn så lenge deler han bekymringa til Nilsen om færre som kan ta området i bruk. Han har også ei annan bekymring for tida framover.

– Friluftsområdet ligg der framleis, og ein kan i prinsippet parkere langs vegen. Eg er ikkje sikker på om det vil bli tryggare og betre for nabolaget, seier han, og held fram:

– Det er ei vanskeleg sak, men eg vonar vi i samråd kan finne ei god løysing for naboar og allmenta.

Saka held fram etter bildet.

- Ikkje eigna

Kultursjef i Alver kommune, Eirik Bouwer Utne, seier at dei i tidlegare Meland kommune laga ein plan for parkering knytt til friluftsområde i kommunen.

– Problemstillinga i Haltejohansvika er at plasseringa og bustadfeltet ikkje er eigna for denne typen trafikk, seier han.

Ifølge Utne konkluderte gamle Meland kommune med at ulempene ved å ha parkering til dette friluftsområdet, var større enn fordelane. Difor blei det ikkje parkering.

Kultursjefen ser derimot problemstillinga ved at stadig fleire drar rundt og besøker både friluft- og turområde i kommunen.

– Det er fleire plassar i Alver kommune at det er ei utfordring med parkering. Vi skal vere flinke til å sørge for at flest mogeleg går eller syklar, men ein vil gjerne dra rundt på stader i distriktet ein ikkje har vore. Då blir det fort med bil, og der har vi ein del å hente, seier han.

Når det gjeld situasjonen i Haltejohansvika, ser ikkje Utne noko umiddelbar løysing.

– Saman med BOF tek vi eit statusmøte om situasjonen før sommaren, seier han.

– Eg er lei meg

Johansen seier at det truleg er uaktuelt å opne opp igjen parkeringsplassen som no er stengd av.

– Eg er veldig lei meg for at eldre og andre som kanskje er dårleg til beins, ikkje kjem seg ned til staden slik det er no. Det beklagar eg verkeleg, seier ho.

Leiaren av velforeininga seier at dei gjerne skulle hatt ei parkeringsløysing tidlegare i bustadfeltet.

– Det hadde vore langt betre enn inst i feltet. Då ville situasjonen ha vore langt mindre krevjande enn i dag.

– Kva tenkjer du om parkeringssituasjonen framover?

– Vi jobbar hardt for å få til løysingar, men eg har ikkje noko forslag til ei kortsiktig løysing, seier Johansen, og held fram:

– Dersom nokon har forslag til løysingar, er vi veldig takksame. Kanskje nokon der ute har ein glup idé.

Les også

Skal ha dumpa stein for å blokkere vegen: – Det er heilt Donald Duck

Les også

Fekk seg ei uhyggjeleg overrasking på turstien

Kommentarer til denne saken