Gå til sidens hovedinnhold

På tide med omkamp om Øksnesmarka

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I april 2019 vedtok kommunestyret i Austrheim med knapt fleirtal og ordføraren i spissen å byggja ut store delar av Øksnesmarka.

Dette skjedde trass i stor folkeleg motstand med 700 underskrifter, protestar frå natur-, frilufts-, fiskeri- og landbruksorganisasjonane og tungtvegande faglege innspel frå Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune.

Begge var kritiske til utbygging av det som er klassifisert som eit nasjonalt viktig naturområde og regionalt svært viktig friluftsområde. Kommunen sjølv har gjennomført tre ulike konsekvensutgreiingar (KUar). Alle tre talfestar betydelege negative konsekvensar av utbygging og tilsvarande store positive konsekvensar for utlegging til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF).

Øksnesmarka «inngår i det einaste inngrepsfrie området i kommunen», seier KU-en frå Multiconsult, og betyr difor mykje for bevaring av sårbare artar og naturtypar.

Kommunevalet 2019 blei eit protestval mot utbyggingsvedtaket i april, noko ordføraren også vedgjekk i lokalavisene etterpå.

Ved eit under berga han likevel kjedet. Dei mest tydelege protestpartia, KrF, Sp, Bygdelista, gjorde det godt. Eit bra val gjorde også Høgre som gjennom valprogrammet sitt gjorde det klart at dei ikkje vil akseptera eit næringsareal i Øksnesmarka «som skaper store permanente sår i naturen».

Til saman har protestpartia og Høgre no 11 av 17 kommunestyrerepresentantar og dermed fleirtal for å unngå katastrofale irreversible inngrep i det skattkammeret Øksnesmarka er.

Men motkreftene i Ap mobiliserer. Ein utbyggingskåt ordførar reklamerer på kommunen sine heimesider: «I den nyleg vedtekne kommuneplanen er eit større areal i Øksnesmarka, om lag 550 mål, sett av til næring. Dette arealet grensar til sjø, og det er mogleg med djupvasskai. Arealet kan til dømes brukast til landbasert fiskeoppdrett.»

Kva djupvasskaien kan brukast til, seier han lite om. Ein ny oppankringsplass for utrangerte oljeplattformar til dømes?

Landbasert oppdrett slit med lønsemda og er lite realistisk. Og vil føra til utsprenging og enorme naturinngrep i Øksnesmarka og strandsona i Åråsvågen.

Naturknusing er ordføraren ikkje aleine om. Den lokale entrepenøren Odd Haugen, som har kjøpt seg opp i store delar av marka, har gjennom sine talspersonar kome med innspel om ny veg til industriområdet gjennom Øksnesmarka og, ja, trur det eller ei, vindturbinar. På ulovleg vis er han godt i gang med vegbygginga, førebels stoppa av kommunen.

Til hausten skal planstrategi for Austrheim reviderast. I den samanhengen bed vi KrF, Sp, Bygdelista og Høgre om å stå ved lovnadane sine om å ta vare på Øksnesmarka som naturområde. Det kan best skje gjennom ein kommuneplanrevisjon der næringsområdet på 550 mål vert omgjort til LNF.

Då kan vi saman utvikla Øksnesmarka og Åråsvågen til eit friluftseldorado og gjennom auka beitetrykk og skjøtsel ta vare på kystlynghei og dei mange raudlista artane. Industri i Øksnesmarka har ingenting der å gjera.

Jan Nordø
leiar
Naturvernforbundet Nordhordland

Les også

Hvorfor ofre Øksnesmarka på bøddelens alter?

Les også

Fylkesmannen: – Øksnesmarka er eit naturområde av nasjonal verdi

Les også

Omstridde Øksnesmarka blir næringsareal

Kommentarer til denne saken