– Fotball har ei kraft i seg, seier Tor-Eivind Karlsen.
Sosionomen har vore opptatt av og involvert i fotballen heile livet. No skal han og Tommy Gaustad, som til dagleg bankar inn mål for A-laget, leie NBK sitt gatelag.
– Mi oppgåve blir å skape trivsel, slik at dei har lyst til å kome tilbake etter å ha testa det ut, seier Gaustad.
Det første gatelaget blei stifta i Fredrikstad i 2011 og i dag er det rundt tretti gatelag i Norge. Gatelaga skal vere arenaer der menneske med rusrelaterte utfordringar får tilbod om faste rutinar, meiningsfull aktivitet og ei kjensle av meistring.
Det var psykisk helse og rus i Alver kommune som kom med initiativet til satsinga. Avdelingsleiar Cecilie Johannesen fortel at det var fordi dei såg eit behov.
– Det er noko med fellesskapet og lagkjensla ein har i fotball: Meistringskjensla og dei felles gledene ein deler, gjer noko med folk, fortel ho.
– Dei fleste har eit forhold til fotball. Veldig mange har spelt fotball på eit eller anna nivå, på eit eller anna tidspunkt og mange har eit favorittlag. Det er rett og slett ein sport veldig mange har gode minne og opplevingar frå, fortel Karlsen.
I bergensregionen finst det gatelag i Bergen og på Os frå før.
– Vi i NBK har snakka lenge om å etablere eit gatelag. Vi trur det er behov for, og spelarar til, eit slikt lag her i Nordhordland og NBK ønsker å vere noko meir enn ein fotballklubb som berre tenker på seg sjølv. Vi vil bidra endå meir til lokalsamfunnet, seier dagleg leiar Øystein Johansen.
Han fortel at klubben og Nav har vore i samtalar om opprettinga av gatelaget sidan i fjor. Det enda med at Nav-kontoret i Knarvik søkte om pengar til opprettinga, noko som gjer at det no er 1,5 årsverk dedikert til satsinga.
September
Karlsen og Gaustad tok til i jobben i midten av august. No ser dei etter spelarar til gatelagssatsinga. Planen er å ha trening to gangar i veka. På dagtid tysdag og torsdag. Håpet er å kunne starte alt i løpet av september.
– Det kan hende det er i overkant optimistisk, men det er det vi håpar på.
Gatelagsatsinga er eit lågterskeltilbod til alle vaksne som slit med rus. Treningane blir i Knarvik, men tilbodet er også ope for spelarar frå Fedje, Modalen, Austrheim og Masfjorden.
– Det er ingen krav til at spelarane må ha spelt eller må kunne noko om fotball frå tidlegare. Vi har alt vore i kontakt med ein god del, men dersom det er andre som er interessert i å vere med så vil vi gjerne høyre frå dei, seier Karlsen.
– Dersom ein vil vere med er det ikkje noko krav om å møte opp kvar gong. Ein er velkomen sjølv om ein ikkje var på førre trening, legg Gaustad til.
Viktigare mål
NBK skal hjelpe satsinga gjennom å sørge for at det som er rundt treninga skal vere bra. Dei stiller med fotballutstyr og garderobar til gatelaget.
Gaustad og Karlsen forklarar at det i samband med treningane vil bli servert eit enkelt måltid. Dei er klare på at sjølv om fotballen står i sentrum, så er det den sosiale biten som eigentleg er viktigast.
– På sikt er målet å få til diverse sosiale samkomer utanfor treningstidene. Til dømes å sjå fotballkamp saman, seier Gaustad.
Karlsen og Gaustad forklarar at dei har som mål å få til ei stabil treningsgruppe, og at dei vil vere kjempefornøgde om dei klarar å kome dit at det stort sett alltid er mellom 10 og 15 personar på trening.
– Erfaring frå andre stader tilseier at det nok vil ta litt tid. Dei fleste har litt varierande oppslutning i starten, så ein må ta tida til hjelp. Vi skal tilby trening uavhengig av om det kjem to eller ti.
Spelarane på gatelaget kan «score» viktigare mål, enn det ein gjer ved å sette ballen i nota.
– Det å kome hit, vere ein del av fellesskapen, kjenne på meistring, samarbeide og gjere kvarandre betre gjennom lagspel.
– Dei ulike spelarane kjem til å ha ulike mål og behov. Dersom du rusar deg kvar dag men etter å ha vore med oss ei stund kjem dit at du lar vere å ruse deg måndag kveld, fordi du skal på trening tysdag. Då er det bra. Ein dag ekstra utan rus er mykje betre enn ingen dagar utan rus, seier Karlsen.
Lenger framme kan måla vere endå større.
– Det kan vere forskjellig: til dømes å kome seg inn i arbeidslivet eller starte på eit utdanningsløp. Noko av min jobb blir å hjelpe spelarane med dette. Til dømes å ha kontakt med bedrifter som kan tilby arbeidstrening, legg han til.
I ein tidlegare versjon av artikkelen var ikkje Alver kommune, ved avdeling for psykisk helse og rus nemnt. Avisa Nordhordland meiner det var feil, og har difor oppdatert artikkelen.