Gå til sidens hovedinnhold

Over 2000 fekk med seg suksessen «Hakkebakkeskogen»

Artikkelen er over 1 år gammel

180 elevar på Nordhordland Folkehøgskule fekk to veker på seg til å førebu musikalen «Hakkebakkeskogen». Dei har seks førestillingar, kor tre av dei var lukka for barnehagar og barneskuleelevar frå rundt om i Hordaland. Førestillinga vart ein skikkeleg suksess. Dei tre opne førestillingane vart utselt. Til saman såg over 2000 folkehøgskulen si kjende Torbjørn Egner-førestilling.