Gå til sidens hovedinnhold

Over 100 tilsette i kommunen kan bli tatt ut i streik

Tilsette i fleire sektorar kan bli tatt ut dersom det ikkje partane blir einige om årets lønnsoppgjer.

Tysdag melder Alver kommune at 102 tilsette kan bli tatt ut i streik allereie frå torsdag av.

– Dei sentrale tariffpartane i kommunesektoren meklar om resultatet av årets lønnsoppgjer. Dersom partane ikkje blir einige innan midnatt 26. mai, blir det streik, skriv Alver kommune på heimesida si.

Vidare opplyser kommunen at det er medlemmer i Fagforbundet og Fellesorganisasjonen FO som kan ha bli tatt ut i streik. Nokre av tenestene som kan bli påverka, er følgande:

Vidare opplyser kommunen at det er medlemmer i Fagforbundet og Fellesorganisasjonen FO som kan ha bli tatt ut i streik. Nokre av tenestene som kan bli påverka, er følgande:

  • Barnevernet
  • Bygg, anlegg og elektro
  • Dokumentsenteret
  • Habilitering
  • Innbyggjarservice
  • Psykisk helse og rus
  • Reinhald
  • Veg, vatn og avløp

Kommunen skriv at det er for tidleg å seie kva konsekvensar ein strek kan få for kommunen sitt tilbod til innbyggjarane.

Verken Masfjorden, Austrheim eller Fedje kommune har lagt ut informasjon om tilsette der kan bli ramma.

Kommentarer til denne saken