Paulsen var rektor på Lindås ungdomsskule i over 30 år, og la ned eit stort arbeid i å utvikla det nye skuletilbodet som ungdomsskulen var frå 1960-talet. Men med enorm arbeidskapasitet hadde han også krefter og fann tid til nesten tallause oppgåver i lagsliv og frivillig arbeid. Han var aktiv i kyrkja, i sokneråd og fellesråd. Og som politikar i kommunestyre, skulestyre og kulturstyre. Speidarrørsla fekk og nyta godt av arbeidskrafta, som mange andre små og større tiltak.

Han vart påskjøna både lokalt og nasjonalt for arbeidet han gjorde. Lindås kommune sin kulturpris i 1987 og Kongens Fortenstmedalje i 2005.

Ove Jan Paulsen var ein framifrå pianist, komponist og dirigent, og var ei drivkraft i musikklivet i Lindås-krinsen gjennom mange tiår.

Heilt til det siste var han sterkt engasjert i framtida til Lindåstunet, det gamle tuberkulosesjukehuset som under hans leiing vart omskapt til eit tilbod for eldre, drive med enorm dugnadsinnsats gjennom mange år.

I seinare år var eldresaka noko som opptok Paulsen sterkt, og han var fast pianist på Eldrekafeen i bygda. Der spelte han ein siste gong for sine jamaldringar, ein av dei siste dagane i januar.