Gå til sidens hovedinnhold

Outlier - ein heilt ny norsk krimserie hos Avisa Nordhordland

TRAILER: 19 år gamle Sofie blir funnet drept på en campingplass.

Ei ung jente blir funnen drepen på ein campingplass. Kriminalpsykologen Maja Angell innser at politiet har tatt feil mann.

Tysdag 1. desember blir den nye kriminalserien OUTLIER lansert for lesarane til Avisa Nordhordland. Gjennom eit samarbeid med produksjonsselskapet Shuuto får Avisa Nordhordland sine abonnentar, og abonnentane i landets over 80 Amedia-aviser, tilgang til dei åtte episodane i serien.

Kriminalserien OUTLIER er i hovudsak spelt inn i Troms og Finnmark, med lokale skodespelarar og med handling frå Nord-Norge.

Serien handlar om ei ung jente, 19 år gamle Sofie, som har vore borte frå heimen sin i fem dagar. Ho blei sist sett på ein fest.

Sofie blir funnen drepen på ein campingplass, og kriminalpsykologen Maja Angell innser at politiet har tatt feil mann.

Klarer ho å overbevise politiet og finne den eigentlege drapsmannen før han slår til igjen?

  • Skodespelarar: Hanne Mathisen Haga, Eila Ballovara Varsi, Stein Bjørn, Erik Smith Meyer, Marius Lien m. fl.
  • Manus og regi: Kristine Berg, Arne Berggren
  • Spelt inn: 2020
  • Ansvarlege produsentar : Kristine Berg, Arne Berggren, Shuuto
  • Aldersgrense: 12+

Den første av dei åtte episodane blir open for alle, mens dei påfølgande episodane krev abonnement på Avisa Nordhordland.

Kommentarer til denne saken