Osterøy: Motorsyklist frakta til Haukeland etter velt

Ambulanse kom tilfeldigvis over ulykka.

DEL

(BA): Klokka 17.42 kom ein ambulanse på Osterøy tilfeldigvis over ein motorsykkelvelt på Osterøyvegen.

Den mannlege føraren var vaken og bevisst etter hendinga.

– Han blei køyrd med ambulanse til traumemottaket på Haukeland, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen, til BA.

Politiet har vore på ulykkesstaden og undersøkt dette. Dei opprettar sak.

Det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand, og det er ikkje inndrege førarkort.

Det var berre motorsyklisten involvert i ulykka.

Har du tips til oss frå trafikken? Send sms med kodeord «NHTIPS» 2005 eller ta kontakt på vår vakttelefon 916 20 916.

Artikkeltags