Braut seg inn og stal pengar og røyk frå kro

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Søndag kunne avisa Nordhordland melda om at innbrotstjuvar hadde forsøkt å ta seg inn på Eikanger hagesenter i Sauvågen i Lindås.

Tjuvane hadde fyrst klypt seg gjennom eit nettinggjerde, før dei hadde saga eit hol i ein vegg for å ta seg inn i lokalet.

– Innehavaren rykka ut heimanfrå og då han kom fram var det ingen der. Dei har truleg vorte skremd av alarmen, sa operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt til avisa Nordhordland.

Eikanger Hagesenter hadde besøk av uvedkomande i helga. Dei skal ikkje ha fått med seg noko frå åstaden.

Eikanger Hagesenter hadde besøk av uvedkomande i helga. Dei skal ikkje ha fått med seg noko frå åstaden. Foto:

Måndag morgon fekk politiet melding om nok eit innbrot på den strekka. Då var det Ostereidet kro som hadde hatt besøk av uvedkomande. Dei har vore på staden anten seint søndag kveld eller natt til måndag. 

– Der er det stole vekslepegar og ein del sigarettar, seier lensmann ved Nordhordland lensmannskontor, Kjell Idar Vangberg, til avisa Nordhordland.

Han seier at dei undersøker om det er ein samanheng mellom hendingane på Ostereidet og i Sauvågen.

– Men det er ikkje sikkert, understrekar han.

– Har de nokre spor å gå etter?

– Eg vil ikkje gå meir i detlaj. Me etterforskar og me har gjort åstadsundersøkingar og ser på kva me har, seier han.

Tjuven, eller tjuvane, har tatt seg inn i kroa på Ostereidet ved å bryta seg gjennom to dører.

Vangberg seier dei vil ha tips om folk har opplysningar i sakene, om nokon har sett nokre bilar eller folk.

Politiet kan kontaktast på 5635 5670.

Artikkeltags