Jazzar opp gudstenesta på Ostereidet

SJANGER SOM TREFF MANGE: - Musikalsk og åndeleg treff  denne sjangeren alle, uansett ståstad, seier Else Iren Westervik som inviterer til jazzgudsteneste i Ostereidet kyrkje 30. september.

SJANGER SOM TREFF MANGE: - Musikalsk og åndeleg treff  denne sjangeren alle, uansett ståstad, seier Else Iren Westervik som inviterer til jazzgudsteneste i Ostereidet kyrkje 30. september. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Variert jazz- og gospelmusikk set sitt preg på gudstenesta i Ostereidet kyrkje søndag 30. september. Jazzgudstenesta har fått overskrifta «Have a little talk with Jesus».

DEL

– Slike gudstenester er noko av det kjekkaste eg er med på, seier vokalist Else Iren Westervik, som medverkar i orkesteret denne kvelden.

– Musikalsk og åndeleg treff denne sjangeren alle, uansett ståstad. Den ber i seg ei smittande glede og ro, seier ho.

Forutan Westervik består orkesteret av Jan Tore Ness (trommer), Ole Andersson (kontrabass/bass) og Boris Kuprijanov (tangentar).  

Det er tredje gong orkesteret er med på ei slik gudsteneste. Sist gong var under Modalsdagane tidlegare i sommar.

– Eg ser fram til denne kvelden, seier sokneprest Torbjørn Aamlid.

– Vi veit frå tidlegare at slike gudstenester har fått god respons rundt omkring i Nordhordland. Eg vonar at mange tek turen til Ostereidet kyrkje.

Kyrkjelyden vil få oppleva eit variert program med topp framføring av jazz- og gospelsongar. Det vert og lagt opp til ein enkel liturgi og fellessong.

Artikkeltags