Mann tatt for fyllekøyring på Ostereidet

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det stadfester lensmann Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland.

– Politiet fekk melding om ein mann som ein trudde var rusa inne på butikken på Ostereidet. Men han ville ikkje høyra på folk som bad han venta til politiet kom, seier Vangberg til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Politiet slo til mot hasjrøykande ungdommar

Mannen køyrde i staden for heim. Der fekk han seinare besøk av politiet på døra.

Der vart det fyrst tatt blåseprøve av mannen.

– Den viste over ein i promille, seier Vangberg.

LES OGSÅ: Mannen ble redda etter ein leteaksjon - no er han sikta

Mannen vart deretter tatt med til legevakten i Knarvik der det vart tatt blodprøve av mannen. Han samtykte og til førarkortbeslag.

Artikkeltags