Osland Havbruk har fått bot på 550.000 kroner

Frå venstre Rolf Torvund, Ørjar Nydal, Hanne Berit Nydal, Vidar Kongsrud og Rune Hjelmeland. Naboar til Osland havbruks oppdrettsanlegg på Torvundsvikja / Torvund. Dei skuldar Osland havbruk for å ikkje følgje spelereglane. Dei skuldar òg styresmaktene for konstant å la oppdrettsnæringa få viljen sin. Osland havbruk er òg meldt til politiet, og det pågår òg allereie ei sak (ankesak) i rettsapparatet om dette anlegget.

Frå venstre Rolf Torvund, Ørjar Nydal, Hanne Berit Nydal, Vidar Kongsrud og Rune Hjelmeland. Naboar til Osland havbruks oppdrettsanlegg på Torvundsvikja / Torvund. Dei skuldar Osland havbruk for å ikkje følgje spelereglane. Dei skuldar òg styresmaktene for konstant å la oppdrettsnæringa få viljen sin. Osland havbruk er òg meldt til politiet, og det pågår òg allereie ei sak (ankesak) i rettsapparatet om dette anlegget. Foto:

Osland Havbruk har brote lova som forbyr bruk av miljøgifter som kan skade reker og andre skaldyr.

DEL

(Firda): Vest politidistrikt har gitt eit førelegg på kr 550.000 til Osland Havbruk AS i Høyanger. Det melder dei i ein pressemelding.

Oppdrettsselskapet blitt bøtelagt for bruk av legemiddel mot lakselus, som kan skade reker og andre skaldyr, i nærleiken av rekefelt. Dette vart forbode frå 27. februar 2017. Eit generelt krav til aktsemd med omsyn til miljøet gjaldt frå før.

Norges Miljøvernforbund i 2018 meldte ifrå til politiet i 2018 om at Osland Havbruk brukte lusemiddel ved fleire høve hausten 2017.

Osland Havbruk AS har den 20. mars 2020 vedtatt førelegget.

Artikkeltags