Har du fått slike symbol utanfor huset ditt, er det innbrotstjuvar på ferde

Sjå opp for slike signal i asfalten/grusen utanfor heimen din. Det kan bety at det er innbrotstjuvar som er på ferde.

Sjå opp for slike signal i asfalten/grusen utanfor heimen din. Det kan bety at det er innbrotstjuvar som er på ferde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Dei er truleg ute og sjekkar forholda, så kjem dei eller nokon andre seinare og gjer innbrot.

Det seier lensmann ved Nordhordland lensmannskontor, Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland.

Den siste tida har det vore ei rekke tiggarar ute og banka på dørene i Nordhordland. Og i Hordvik var det torsdag eit tjuveri som ein antek at det er tiggarar som står bak.

– Dei merkar grusen eller asfalten utanfor enkelte eigedommar med signal. Det kan bety ulike ting, som at her er det noko å henta eller at her er det ikkje noko å henta, seier Vangberg.

Torsdag vart tiggarane observert i heile Alverstraumen og Hilland.

– Men det er ikkje sett slike teikn etter dei der, understrekar han.

I førre veke var det eit tilsvarande tjuveri på Frekhaug, som det i Hordvik. Politiet set det i samanheng med tiggarane som er i distriktet for tida.

– Om folk får tiggarar på døra og ser slike symbol i ettertid, vil me i politiet ha tips om det, seier Vangberg.

Artikkeltags