Ordføraren om korona: – Saman er vi eit lag som skal få dette til

Sara Sekkingstad og Ørjan Raknes Forthun inviterte lokalavisene til informasjonsmøte om korona fredag.

Sara Sekkingstad og Ørjan Raknes Forthun inviterte lokalavisene til informasjonsmøte om korona fredag. Foto:

Torsdag vedtok regjeringa nye, omfattande tiltak mot koronaviruset. Fredag informerte ordførar og rådmann i Alver kommune om situasjonen.

DEL

– I dag kjem den norske regjeringa med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Norge i fredstid. Det er heilt naudsynt.

Det sa statsminister Erna Solberg under pressekonferansen på torsdag.

Tiltaka råkar menneske over heile landet, og fleire bedrifter må stenge dørene for å hindre smittespreiing av koronaviruset.

Fredag inviterte Alver-ordførar Sara Sekkingstad og rådmann Ørjan Raknes Forthun lokalavisene til ein prat om viruset. Saman informerer dei om korleis kommunen stiller seg til situasjonen landet er i.

– Dette er ei spesiell tid, og vi er i ein spesiell situasjon

Ho fortel at alle må bidra med det ein kan av førebyggande arbeid.

– Slik vil vi unngå å belaste helsetenesta, og redusere risikoen for dei sårbare

Har oppretta koronatelefon

Alver kommune har oppretta ein eigen telefon for spørsmål knytt til koronaviruset.

– Den vart tatt i bruk med ein gong den vart oppretta, seier rådmann Ørjan Raknes Forthun.

Telefonen vil open frå 08.00 til 15.30 i kvardagane og 10.00-14.00 i helgane.

Han og ordføraren oppmodar folk til å ta denne i bruk, men i utgangspunktet leite etter informasjonen på kommunen og FHI si heimeside først.

– Telefonen er mest tenkt til dei som lurar på om dei har viruset eller dei som er i karantene, seier Sekkingstad.

Rådmannen fortel at det er krevjande å bemanne ein slik telefon. Han rår difor folk til å også ta i bruk den nasjonale koronatelefonen om det trengst.

Vil følge dei nasjonale råda

Ordføraren seier på at der er kome tydelege reglar frå myndigheitene, som fungerer som heilskaplege råd til befolkninga. Per no er det ingen spesielle reglar for Alver.

– Vi vil heile tida vise til nasjonale råd. Om det er noko spesifikt som gjeld Alver, vil vi oppdatere nettsida vår med dette, seier Sekkingstad.

Avisa Nordhordland er kjent med at fleire Alver-bebuarar har ytra kommentarar om at dei meiner det har kome lite informasjon frå kommunen si side, men dette kjenner rådmannen seg ikkje igjen i.

– Vi meiner ikkje vi har hatt lite informasjon. Vi viser bevisst til informasjonen som ligg på FHI si side, slik at ein er tydeleg om kva som gjeld, seier Forthun.

Han seier at dette er grunna ønsket om å vise til den opphavlege kjelda. Vidare presiserer han at dersom det skal gjelde noko spesielt for Alver, legg dei det straks ut sjølv.

Kommunen har også lagt til rette for dei som ikkje har tilgang til nettet. Dei tilsette ved kundesenteret er informert om kva råd som skal utleverast. Dette vil sei at om du ringer sentralbordet til kommunen, eller møter opp på kundesenteret, skal du få informasjonen som ligg ute på nettet.

– Vi må vere flinke til å hjelpe kvarandre

Ordføraren peiker på at fleire av dei generelle råda i Noreg, er tillitsbaserte.

– Vi må berre rekne med at folk følger dei. Viss berre halvparten av gjer som råda seier, får ein kanskje ikkje så stor verknad av det, seier Sekkingstad.

Ho legg til:

– Vi er jo veldig heldige i Noreg. Her er mykje dugnadsånd og omtanke. I ein slik situasjon vi er i no, så er det ekstra godt å sjå at folk er merksam på å ta vare på kvarandre.

Vidare oppmodar ordføraren til at dei som veit om ein nabo som er åleine, kan ein tilby hjelp. Likevel må ein ha i bakhovudet at jo meir ein reiser og møter folk, jo større er faren for vidare smitte.

Artikkeltags