Torsdag kveld hadde Statens vegvesen trafikkontroll i Nordhordland.
Der kontrollerte dei totalt 23 lette køyretøy.
I rapporten frå kontrollen kjem det fram at vegvesenet oppdaga feil med lys på fire av bilane.
– Det vart gitt ein del munnlege pålegg for feil lysbruk (bruk av tåkelys i mørke, noko som blendar møtande trafikk) og diverse manglar med lys, skriv vegvesenet.
Éin sjåfør hadde ikkje med seg førarkortet sitt, og fekk dermed 500 kroner i gebyr.
Vidare må ein sjåfør møte opp hos Statens vegvesen då bilen var senka og hadde diverse andre tekniske manglar.
– Elles var det ein stille og roleg kveld, skriv vegvesenet om kontrollen i Nordhordland.