Gå til sidens hovedinnhold

Opp mot 100 sakna etter at tidlegare MF «Austrheim» kantra i Kamerun

Artikkelen er over 2 år gammel

Ferja som tidlegare heitte MF «Austrheim» og køyrde i lokale fjordar, kantra i Guineabukta utanfor Kamerun natt til mandag.

MF «Austrheim» gjekk fleire ruter på Vestlandet etter at den var nybygd i 1971.

Då ho gjekk for HSD/Tide i perioden 2003-2012, var ho i hovudsak reserveferje, og låg mykje i opplag på Steinestø. «Austrheim» steppa blant anna inn på sambandet mellom Fedje og Sævrøy, samt ruter i Sunnhordland og Hardanger.

I 2012 vart ferja selt og sett inn i trafikk utanfor kysten av Kamerun, kor ho fekk namnet «Cameroon».

Fleire medier melde om ulykka, som skjedde natt til tysdag etter at ferja hadde forlate Nigeria med kurs for Kamerun.

Minst tre personar har mista livet, og 107 er henta opp frå sjøen i live. Talet på sakna er ikkje sikkert fastslått, men det kan ha vore opp mot 200 personar om bord i ferja då den gjekk rundt, ifølge AFP.

Den lokale kringkastaren CRTV melde måndag kveld at det føregår søk etter om lag 40 sakna.