Opnar kommunale bygg for ulike aktiviteter

Austrheim kommune held fram med koronatiltaka.

DEL

I september kom koronaviruset til Austrheim kommune, og fleire fekk raskt påvist smitte.

No har det roa seg, og det er i dag berre eitt registrert smittetilfelle i kommunen.

– Såleis er det etter snart 700 testar i Austrheim påvist i alt 12 tilfelle av korona, der nokre av dei positive prøvesvara kjem etter testar gjort andre stader, skriv kommunen på si heimeside.

Den kommunale kriseleiinga i Austrheim har no bestemt at kommunen skal opne opp kommunale bygg for utlån til ulike aktivitetar.

– For å sikre smittevernet skal brukarar av kommunale bygg bruka dei standardar som er laga av idrettsforbund, musikkorpsforbund og liknande, opplyser kommunen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken