– Det er stor begeistring og stor aktivitet, spesielt klatretårnet er fullt av ungar heile tida i friminutt og så kjem dei att på kveldstid.

Det seier Helge Pedersen, rektor på Byrknes skule. Tysdag vart det nye nærmiljøanlegget til 1,6 millionar kroner offisielt opna av varaordførar Odd Harald Eide (Ap).

– Slike jobbar skulle eg gjerne gjort meir av. Ein snakkar om det og tek avgjersler for å få det inn i budsjetta, så vert det litt ute av auge og sinn. Korleis det verkeleg vert er ei kjekk oppleving å sjå. Eg håpar det vert positivt for lokalmiljøet og innbyggarar og flittig brukt, seier varaordføraren.

Feira med brus og kaker

Mellomtrinnet rigga til med bord, grillmat, brus og kaker for opninga. Dei serverte og rydda opp att.

– Det var kjekt, og elevane fekk ei fin trening i å arrangera noko for ei større gruppe menneske, fortel rektor Pedersen.

På Byrknes har det vore ei stor idrettsbane, men etter at idrettslaget tok initiativ til ein ballbinge for vel eit tiår sidan, er det ballbingen som har vore mest brukt av små og store. Difor er dei nye leikeapparata plasserte på den eine enden av idrettsbana, nærmast klasseromma.

– Ho vart litt mindre, men det er rikeleg med plass til fotball og andre aktivitetar.

Uteområdet på skulen har tidlegare hatt leikeapparat, som klatrestativ, disse, sklie og sandkasse, i tillegg til Trollskogen, men dette har vore mest brukt av yngre elevar.

– Dei eldste har hatt ballbingen, men litt lite utfordringar. Då me valte ut apparata fann me noko som kan vera attraktivt og utfordrande for dei eldste. No set dei kursen mot klatretårnet så snart friminutta starta. Uteområdet er flott for elevane og bygda.

Skal oppgradere på Dalsøyra

Gulen kommune satsar på å legga til rette for meir fysisk aktivitet for barn og unge og har ei satsing på nærmiljøanlegg på alle skular. I Eivindvik og på Brekke har elevane allereie fått oppgradert uteområdet sitt.

Siste som står for tur er Dalsøyra skule, kor det er sett av nærmare to millionar kroner. Her er planlegginga for ein uteplass som vil få born og unge i aktivitet godt i gong.

Les også

Det nye klimaet: No har den livsviktige elva blitt ein øydeleggjande trussel