I mai i år etablerte IT-verksemda Microsky seg med nytt kontor i Vidsyn i Sløvåg. Bergensverksemda har stor tru på regionen, og har alt no planar om å opna endå eit kontor i Nordhordland.

Marknadsansvarleg i selskapet, Marie Husøy, seier at dei bestemte seg for å etablera seg i Vidsyn etter at dei var i kontakt med han som dreiv Vidsyn-bygget.

– I forkant av etableringa har vi vore i møte med mange verksemder i både i Masfjorden, Gulen og andre stader i Nordhordland. Det er eit stort behov for eit løft innan IT i distriktet, seier Husøy.

No har dei tatt over IT-drifta av heile Vidsyn-bygget.

– Vi vil vera eit kompetansesenter innan IT, vi vil bidra til vekst, og gjera det meir attraktivt for nyetableringar, seier ho.

I fjor hadde verksemda ei stor auke i omsetnad, og utvida staben frå fem til ni tilsette.

– Sidan vi har hatt så gode resultat, heiv oss rundt og etablerte kontor i Sløvåg, seier Husøy.

Dei har alt arrangert kurs for næringslivet, og i haust skal dei halda nye kurs, i samarbeid med mellom anna næringshagane.

Verksemda satsar og mot Solund, og har alt fått nye kundar i området.

– Vi er også i prosess om å opna nytt kontor i Nordhordland i nær framtid, anten i Knarvik eller på Frekhaug. Det handlar om vera nær kundane, og verta meir kjend, det er alfa og omega.

No har dei ein tilsett som sit fast på Vidsyn, i tillegg reiser ho sjølv og dagleg leiar i verksemda oppom når det er aktivitetar.

– Den eine konsulenten vår er busett i Austrheim, så han får litt kortare veg på jobb, seier ho.

Ny teknologi

Dei tar også med seg ny teknologi til Sløvåg, eit verktøy dei håpar skal gje kundane betre arbeidsflyt.

– Utan å bli for teknisk så er det ein hybrid skyløysing. Det er skyløysinga til Microsoft, men vi køyrer den frå våre eigne serverar. Då får kundane større hastigheit, og i tillegg er det ingen data som går utanfor Norge sine grenser, forklarar ho.

– Distriktet treng eit teknologiløft. Det er mindre fokus på dette for dei verksemdene som ligg utanfor dei store byane.

Nyetableringa er sjølvsagt avhengig av eit visst næringsgrunnlag for å bli oppretthalde.

– Vi har alt mange ulike kundar rundt Sløvåg. No har vi ein tilsett her, mange bekker små utgjer mykje etter kvart, seier Husøy.

Gode tilbakemeldingar

Så langt har det vanka gode tilbakemeldingar på etableringa, og på kursa dei har halde.

Det nye datadirektivet om personvern frå EU, kjend som GDPR, var tema for første kurset.

– GDPR-kurset var ein suksess. Det skulle vare to timar, men det gjekk halvannan time ekstra med spørsmål og svar i etterkant, seier ho.

Verksemda starta i 2011, med to tilsette. Dei neste åra auka dei sakte men sikkert både kundegrunnlag og talet på tilsette.

I 2018 akselererte veksten, og dei nær dobla talet på tilsette.

– Vi har no litt over 150 bedriftskundar i Hordaland. Vi har hovudkontoret på Bønes, og driv med alt innan tradisjonell IT-drift, forklarar Husøy.

– Håpet er at vi skil oss litt frå våre konkurrentar, som ofte anten er veldig små med ein til to tilsette, eller store aktørar. Vi er litt midt i mellom. Vi har god breiddekompetanse, men kan gje tett personleg oppfølging, seier Husøy, som ser eit kjempepotensial i Sløvåg.

– Det er masse som skjer her i distriktet, seier ho.