Opent brev til kommuneleiinga: - Vi må forstå kva som har "gått gale"

Bjørklid oppmodar rådmann Ørjan Raknes Forthun om å gjere greie for dei politiske føringane som er endra i eit ope brev til innbyggjarane.

Bjørklid oppmodar rådmann Ørjan Raknes Forthun om å gjere greie for dei politiske føringane som er endra i eit ope brev til innbyggjarane. Foto:

Av

Det har no gått snart 9 månader sidan Alver kommune såg dagens lys.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.For første gong kjem politikarane saman for skape noko nytt og eige for denne kommunen. Til no er det planar og budsjett som vart laga i kvar av kommunane som har styrt administrasjonen og politisk leiing sine handlingar.

Det har vore ei økonomiplansamling som skal legge grunnlaget for budsjetta for 2021, og notata derfrå er ikkje lysteleg lesing. Det går fram at kommunen manglar dei pengane som skal til for å drive kommunen, og det er naudsynt med kutt og sparing.

I si innleiing til samlinga legg rådmannen fram noko han kallar «utgangspunkt og rammer». I kulepunkt i innleiinga står det mellom anna: «Dei politiske føringane som er gitt, er gitt med eit anna økonomisk handlingsrom», og «nokre av tiltaka vi legg fram går på tvers av tidlegare politiske vedtak».

Spørsmåla vert då: kva er endra i det økonomiske handlingsrommet, og på kva måte går tiltaka på tvers av dei tidlegare politiske vedtaka?

Sett frå ståstaden til innbyggjarane i Alver må det vere rimeleg at leiinga gjer greie for dette, slik at me kan forstå kva som har «gått gale»?

I samband med førebuingane til samanslåinga av dei tre kommunane, vart innbyggjarane inviterte til seie si meining om prosjektet. Som grunnlag for å forstå kva samanslåinga skulle handle om, fekk alle husstandar tilsendt ei intensjonserklæring som skulle syne kva mål leiinga i ny kommune skulle styre etter og kva vi som innbyggjarar kunne vente oss.

Det var mange fagre ord, og særleg vart det lagt vekt på at alle tenester skulle bli betre og at dei skulle gå føre seg der innbyggjarane bur. Eit anna viktig punkt var økonomi og auka handlingsrom som følgje av auka effektivitet og nye tilført midlar til eingongskostnadar og reformstønad.

For oss som budde i Radøy sto politisk leiing fram og understreka at auka økonomisk handlingsrom var eit særs viktig argument for samanslåing.

Eit sitat om skule og barnehage kan illustrere kva ein meinte då: «Ingen kommunale skular eller kommunale barnehagar skal leggjast ned som følgje av ei kommunesamanslåing.»

Tilsynelatande var alle dei fagre løfta berre luftslott? Kanskje visste ein heile tida at ein heldt opp biletet av eit «paradis» som aldri skulle verte røyndom?

Ein ber om at kommunen si leiing gjer greie for dei politiske og økonomiske føringane som er endra, i eit ope brev til innbyggjarane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken