Distriktet treng ung arbeidskraft, men det blir stadig fleire unge i regionen som mottar trygd. No går NAV saman med fleire kommunar for å sjå kva som ligg bak dagens utfordringar.

– Målet er at fleire unge kjem i arbeid og utdanning, slik at arbeidsmarknaden får nytte av den unge arbeidskrafta i regionen, seier prosjektleiar Aina Merete Steinsland frå NAV region Nordhordland.

Skal legge fram forslag

Det er kommunane Alver, Osterøy, Austrheim, Masfjorden, Modalen, Fedje, Gulen og Solund som er saman i prosjektet.

– Vi vil ha med arbeidsgjevarar, aktuelle samarbeidspartar og ikkje minst ungdommane sjølv, seier Steinsland.

No arbeider dei med å analysere dagens situasjon. Målet er å legge fram forslag til løysinga før sommaren.

– Nordhordland er ein flott region med mange mogelegheiter. Det er viktig at vi finn løysingar som gir effekt både for dei unge og for næringslivet.

Her trengst det arbeidskraft

I ei pressemelding frå NAV Nordhordland, kjem det fram at over 600 tilsette i helse- og sosialsektoren i distriktet enten er over pensjonsalder, eller har mindre enn fem år igjen.

I industrien er det 300 sysselsette i industrien som må erstattast. Sju andre næringar har meir enn 100 tilsette som må erstattast.

– I tillegg syner utrekningar at det blir færre unge, og markant fleire eldre i regionen dei neste ti åra, står det i pressemeldinga.