Hordaland idrettskrets vil ha Vestlands-OL

Av

Hordaland idrettskrets skal hjelpe til i det vidare arbeidet med å få OL til Noreg og Vestlandet.

DEL

BA: Fram til no er det idrettsråda i Bergen og Voss som har jobba for eit vinter-OL til Noreg og Vestlandet i 2030.

No har også Hordaland idrettskrets meldt seg på OL-laget. Kretsleiar Helge Johnsen fekk nyleg plass i styret i Idrettens Olympiade AS. Kretsen skal også bruke av sine kontaktar i Idretts-Noreg, og sannsynlegvis stå bak ein OL-sak på idrettstinget til våren.

– Det er naturleg at idrettskretsen er saman med å fronte eit OL. Dette gjeld jo idrett. Vi skal brukast inn mot blant andre Noregs idrettsforbund, særforbund og særkretsar. Det er årsaka til at vi går inn, forklarar Helge Johnsen.

– Skal bruke null kroner

– Skal kretsen bruke mykje ressursar på dette arbeidet?

– I økonomi skal vi bruke null kroner. Det er berre eg og Knut (Songve, organisasjonssjef) som skal bruke tid på dette. Vi går ikkje inn med pengar.

– Har de gjort nokre vurderingar av realismen i å få et OL til Noreg og Vestlandet?

– Nei, per i dag har eg ikkje gjort dei store tankane. Eg hadde det første styremøtet måndag , så eg må bruke tid på å få kjennskap til kva dei tenkjer og kva dei vil. Mot nyttår og idrettstinget må eg gjere meir opp eit standpunkt, svarar Johnsen.

Søkjer samarbeid

Initiativtakarane har alltid vore opne for å samarbeide med andre norske byar for å gjennomføre leikane.

Hausten skal brukast til å kartleggje kva for byar som kan vere interessert i å samarbeide med Vestlandet om eit OL. Både Lillehammer, Telemark, Trondheim og Narvik er allereie moglege samarbeidspartnarar.

– Vi vil gje frå oss ein del av arrangementet for å halde kostnadane nede og sikre ein fornuftig etterbruk, seier Olav Farestveit.

Han er styreleiar i Idrettens Olympiade AS, selskapet som står bak OL-planane.

Det store målet er å få saka opp på idrettstinget i mai 2019.

– Kva håpar de eigentleg de får ut av idrettstinget? Ein presentasjon av planane, eller ein konkret sak der tinget seier ja eller nei til eit OL?

– Det er eigentleg det siste, men vi har ikkje heilt bestemt oss. Det er berre ting kvart fjerde år, så det er klart vi må få ei opning for at det skal søkast. Foreløpig er det sagt at det ikkje skal søkast i 2026, men det er ikkje sagt meir. Det forbodet mot å søkje i 2026 må avgrensast til 2026, seier Farestveit.

Ifølgje Farestveit har dei eit budsjett på 3,5 millionar fram til våren, men pengane takast ikkje frå idretten eller det offentlege.

– Det kjem frå Sparebank-systemet.

– Alt saman?

– Ja.

Artikkeltags