Gå til sidens hovedinnhold

Oljelekkasjen på Eknes: Brannvesenet var på tilsyn

23. juni 2020, kl. 05:30

Morgonen torsdag 11. juni, rykte brannvesenet ut til melding om oljelekkasje ikkje langt frå Ostereidet. Der viste det seg at om lag 3000 liter biodiesel hadde rent ut frå oljefyringstanken i industribygget til Georg Eknes Industrier AS. Utan at ein enno er sikker på skadeomfanget, melder både brannvesen og selskapet at ting ser ut til å gå bra etter forholda. Brannvesenet reknar med å halde tilsyn med staden og lensene på vatnet i nokre veker til.