Statoil Mongstad skal læra effektivitet av Apply Sørco

DEL

– Vi har brukt lang tid på å leita etter bedrifter som har komme langt på dette feltet og som vi kan lære av. Apply Sørco var den beste, fortel Robert Henricks, som er leder for prosjekt på Mongstad til nettstaden Sysla.

Måndag denne veka sende dei 150 medarbeidarar til Apply Sørco for å læra effektivitet.

– Her har de komme langt og fått veldig god flyt i måten de jobbar på. Det blir interessant å sjå kva som er gjort, så skal vi dra heim og ta i bruk det som passar for oss, seier Merete Lunde, teknisk sjef på Mongstad.

Apply Sørco har dei siste åra kvitta seg med rundt 250 medarbeidarar og har vore nøydd til å ta eit tap på nærare 300 millionar mellom 2014 og 2016. Men i 2017 snudde det for dei grunna kostnadskutt og effektivisering. Og kutt-jobben er vorten lagt merke til på Mongstad. Kor mykje ein faktisk skal kutta på Mongstad vil dei ikkje ut med.

– Det er viktig at vi får gjort meir med de folka vi har. Det betyr ikkje nødvendigvis at vi skal springa raskare, men at vi tar bort tidstjuvar, flaskehalsar og unødvendig frustrasjon, seier Lunde til Sysla.

Artikkeltags