Fleire bensinstasjonar i Nordhordland skiftar namn

Slike automatstasjonar blir det fleire av langs vegane i fylket. Foto: Pressefoto
Circle K blir å finne på ei rekkje ubetente bensinstasjonar kring om i fylket.
Automatstasjonene 1-2-3 og Statoil Automat skiftar namn til Circle K Automat i heile Noreg. Innan mars 2019 får 120 ubetente stasjonar i Norge nye fargar og nytt namn, Circle K Automat.
– I eit land med mange små bensinstasjonar som strevar med lønsemd, er automatstasjonar eit viktig tilskot for å tilby drivstoff langs norske vegar, spesielt i distrikta. Dette merkevareskiftet inneber ei etterlengta oppgradering av ein viktig del av Circle K-nettverket, seier Trond Arne Kiste, Senior Business Manager og sjef for automatene i Circle K Norge i ei pressemelding.
Drivstoffpumpene blir merka med «miles», same varemerke som i dag er på drivstoffet til Circle K sine befolka servicestasjonar.
Arbeidet blir sett i verk etter kvart som kommunen gir godkjenning til merkeskiftet.
Desse blir merka om
Statoil Automat Eidsbotn
1-2-3 Haugsvær
1-2-3 Isdalstø
1-2-3 Knarvik
Kommentarer til denne saken