Gå til sidens hovedinnhold

Ytterlegare 881 offshorearbeidarar tatt ut i streik på norsk sokkel

Artikkelen er over 2 år gammel

Safe og Rederiforbundet er enno ikkje komme nærmare noka semje søndag. Dermed streikar totalt 1.550 arbeidarar.

Det melder Sysla søndag kveld.

Safe hadde på førehand varsla at streiken ville bli trappa opp ved midnatt søndag om ikkje partane i konflikten kom til semje.

Overfor Sysla bekreftar begge partar at dei ikkje har komme nærmare noka løysing, og at streiken følgjeleg blir trappa opp.

Dei første 669 offshorearbeidarane vart tatt ut i streik natt til tysdag. Jakob Korsgaard, som leier forhandlingane på vegner av Rederiforbundet, opplyser at det ikkje har vore kontakt mellom partane sidan då.

Med opptrappinga søndag vert ytterlegare 20 installasjonar råka. Frå før av var ni installasjonar råka.

Konflikten står om lønn og pensjon. Safe meiner Rederiforbundet vil svekke ei gåvepensjonsordning riggarbeidarane har i dag, og at dei har hatt dårlegare lønnsutvikling enn andre oljearbeidarar.

Les også

I natt kan 669 offshorearbeidarar gå ut i streik

 

Kommentarer til denne saken