Riggstreiken er avslutta

Songa Trym

Songa Trym Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Riggstreiken avsluttast umiddelbart, melder Rederiforbundet.

DEL

Norges Rederiforbund og Safe har komme til ei løysing i tarifforhandlingane for riggtilsette Safe-medlem gjennom Riksmeklaren.

Det skriv Rederiforbundet i ei pressemelding.

– Svarar til avtalen med Industri Energi

Ifølge meldinga er resultatet i tråd med det som vart kommunisert som ei løysing i forbindelse med tvungen mekling og svarar til det som vart avtalt med Industri Energi i mai.

– Forslaget dei først låg fram ville vere med på å svekke pensjonsordninga i tariffavtalen til nytilsette i bransjen. I tillegg er det slik at det er svært vanleg å skifte arbeidsgivar innan denne bransjen, og med ein gong ein gjer det vil ein igjen reknast som «nytilsett», sjølv om ein har lang erfaring frå ein annan bedrift. Derfor ville ikkje dette ha vore heldig, seier Safe-leiar, Hilde-Marit Rysst, til Avisa Nordhordland. I byrjinga hadde ho også trua på at dei skulle klare å kome til ei løysing utan å ende opp med streik.

– Det siste næringa trengde var ein langvarig konflikt som sette næringa sitt renommé, økonomi og arbeidsplassar i fare. Konflikten var i utgangspunktet heilt meiningslaus, og vi er derfor fornøgd med at den no er avslutta, seier forhandlingsleiar i Rederiforbundet, administrerande direktør Jakob Korsgaard i Maersk Drilling Norge.

Riggarbeidarane i Safe har streika sidan tysdag i førre veke. I første omgang vart 669 offshorearbeidarar tatt ut i streik, før streiken vart trappa opp til totalt 1.550 arbeidarar natt til måndag. Samstundes vart det klart at omtrent like mange arbeidarar måtte permitterast, fordi fleire av dei 28 installasjonane som vart ramma av streiken, måtte stenge som følge av konflikten.

Gåvepensjon og løn

Konflikten sto om løn og pensjon. Safe meinte Rederiforbundet ville svekke ein gåvepensjonsordning, og at dei har hatt dårlegare lønsutvikling enn andre oljearbeidarar.

I ei pressemelding gitt ut etter at streiken vart avslutta torsdag seier Safe at ein «vellykka streik er vunne».

«Safe fekk fullt gjennomslag for sitt pensjonskrav. I tillegg sikra Safe sine medlem etterbetaling frå 01.06.2018, noko som er historisk.», skriv Safe.

Artikkeltags