– Organisten er her og speler, for ei hyggeleg overrasking.
Sokneprest Ole Marton Ølberg låser seg inn i Lindås kyrkje dagen før veslejulaftan.
– No er det gode moglegheiter for å skremma henne, eg hadde i alle fall vorte det om eg trudde eg var heilt åleine i ei mørk kyrkje, seier han med eit smil om munnen.
Men det vert berre med tanken. Dei treng kvarandre. På julaftan skal dei spela og preika i både kyrkja på Hundvin, Myking og Lindås.
Kan jobba til langt på natt
– Det er ein vanleg vits i kyrkja i slutten av november: «Ja, no er det snart desember, då skal me slappa av», fortel Ølberg.
Julegudstenester for skuleborn og barnehage. Dessutan har Ølberg forretta i fleire gravferder. Ei travel oppladning til gudstenester på julaftan, 1. juledag, og nyttårsaftan.
– Litt hektisk har alle det før jul, og for meg er førjulstida jobb.
Å gå på preikestolen på julaftan skildrar han som ei spesiell oppleving. Festkledde menneske i kyrkjebenkene og lokale korps spelar julesongane og set ramma for høgtidsstemninga.
– Så kjem eg og skal seia noko på maks ti minutt som fangar folks merksemd, at dei gløymer mat og gåver. Då må eg vera skjerpa.
Bibelteksten er den same kvart år, så Ølberg fortel at han må bruka det vesle han har av kreativitet for å finna ein inngangsvinkel.
Ein gong fekk han preika klart for seg allereie i september. Det han skulle formidla kom til han medan han køyrde bil.
Det er ikkje alltid like beinkløyvd.
– Eg sit av og til og jobbar med preika natt til julaftan, og eg kjenner meg aldri heilt ferdig. No må eg sjå på årets preike snart. Eg håpar ikkje at eg skriv ho ferdig på siste salme før preika, seier presten og ler.
Heldigvis får han halde same preika i dei tre kyrkjene.
– Folk synest det er flott å komma i kyrkja. Resten av julehøgtida handlar så mykje om alt ein må gjera for at det skal verta jul. At det kviler på deg. Sjølv meiner eg det er godt å høyra julas bodskap, som kjem til oss uavhengig av kven eg er og kva eg presterer.
Jul i Lofoten
Allereie i oppveksten vart det ein vane for Ølberg å vera i fleire kyrkjer i høgtida. Faren er prest og hadde fire gudstenester i Lofoten, med ein god del køyring mellom. Å vera med faren rundt, var noko vesle Ølberg likte.
I Kabelvåg var han ute og leika i snøen utanfor prestebustaden, under nordlyset som dansa på stjerneklar himmel.
– Kyrkja lyste opp i vinterlandskapet. Me lagde snøborg medan folk byrja å trekka mot kyrkja. Å sjå for seg dette minnet er julefred for meg.
Som kristen forklarar han at julehøgtida er viktig for han personleg, uavhengig av jobben. Å vera i kyrkja for å høyra julebodskapen, og feira saman med familie.
– Samstundes veit eg at ikkje alle har nokon å feira med, og ikkje alle gler seg til jul. Eg er heldig som ser på jula som ei flott tid.
Hiv seg i bilen
Årets mest hektiske arbeidsdag byrjar på Hundvin. Saman med organisten må han snika seg ut før korpset er ferdig å spela siste julesongen og klokkene har ringt jula inn.
– Forhåpentlegvis er ikkje bilen vår parkert inne, det har hendt før. Så må me susa til Myking og komma oss fram i heila, så det er greitt at det ikkje er snø.
Etter vel gjennomført gudsteneste kjem finalen på Lindås. Same prosessen igjen i eit nytt kyrkjebygg.
– Eg pustar litt ekstra då, og litt stress kan vera positivt og skjerpande.
Når postludiet er ferdig spelt i kyrkja på Lindås, og dei frammøtte er på veg heim att, skal Ølberg det same. Heim til familien og kona som òg er prest. I familien deira ligg dei fleste gåvene under treet med papiret på til 1. juledag.
– Då har me meir ro og tid til dei to ungane våre, i staden for at me sovnar halvvegs. Me får tid til det alle andre gjer i jula, men ikkje nødvendigvis på same tidspunkt.
Men før julekvelden ventar den hektiske arbeidsdagen, som kjennast så meiningsfull. Ølberg får tilbakemeldingar om at folk set pris på å kunna komma i kyrkja og høyra julas bodskap i sine bygder. Sjølv trivst han med å formidla juleevangeliet i høgtida:
– Kanskje julaftan kan vera slitsamt, men det er veldig gøy, eg hadde ikkje byta det vekk om eg kunne. For oss prestar er det ein livsstil. Me jobbar stort sett alltid, noko hadde mangla viss ikkje. Eg hadde gått i kyrkja uansett. Men ikkje på tre gudstenester, då!