Gå til sidens hovedinnhold

Ole Magnus (44) blei skulda for å ha krenka ein elev: Meiner leiinga dolka han i ryggen

Læraren ville ikkje be om orsaking til ein elev som følte seg krenka. No står han fram.

– Ein kan ikkje behandle folk slik kommunen har behandla meg og andre kollegaer. Eg tenker det er på tide at nokon står fram.

Det seier lærar Ole Magnus Dalland. Han møter Avisa Nordhordland utanfor skulen som var arbeidsplassen hans i 14 år.

Han er ein av to anonyme lærarar som det siste året har retta krass kritikk mot Alver kommune. Dei reagerer på måten kommunen har handtert saker der elevar har skulda lærarane for krenkingar.

No står Dalland fram med namn og bilde. Måndag skal saka opp i kommunen sitt kontrollutval.

Han meiner rektor og kommunen dolka han i ryggen.

– Eg kan ikkje seie unnskyld for noko eg ikkje har gjort, seier han.

– Kunne ikkje endre karakteren

Det var i januar 2019 at arbeidskvardagen til Dalland blei snudd på hovudet.

Mot slutten av skuledagen ein vanleg fredag, gjorde den erfarne læraren greie for terminkarakteren han hadde gitt til ein elev.

Eleven skal ha forventa å få seksar i faget til Dalland, men læraren meinte det ikkje var grunnlag for meir enn ein femmar.

– Eleven blei lei seg. Eg prøvde å trøyste så godt eg kunne, men eg kunne jo ikkje endre karakteren, har Dalland tidlegare fortalt til avisa.

Eit par dagar seinare kontakta ein av dei førsette til eleven skulen. Eleven skal ha følt seg krenka i karaktersamtalen med Dalland.

I starten skal læraren fått beskjed av rektor på skulen at han ikkje skulle tenke på saka. Nokre veker seinare blei han derimot kalla inn til rektor som skal ha forlanga at Dalland signerte ei skriftleg orsaking for å ha krenka eleven.

«Det er arbeidsgjevar sin forventning at du er di rolle bevisst. Du er den vaksne og den profesjonelle i saka, og du har difor eit større ansvar for å bidra til å løyse den. Sjølv om det aldri var din intensjon å krenke eleven er det ei kjensgjerning at eleven kjenner seg krenka. Då er det opp til deg å reparere relasjonen. Du blir difor oppmoda på det sterkaste å signere den skriftlege orsakinga slik at saka kan få ei avslutning og alle partar kan gå vidare», skriv rektor til Dalland.

– Eg kunne ikkje finne meg i det. Eg kjente ikkje igjen den beskrivinga, og eg følte meg dårleg behandla av skuleleiinga, seier Dalland.

– Kan det ha vore noko du sa til eleven som gjorde at det var grunn til å føle seg krenka?

– Nei, eg kan ikkje sjå kva det skal ha vore.

I eit møtenotat frå 5. februar 2019 der rektor ved skulen, Dalland og ein representant frå Utdanningsforbundet var til stades, står det følgande:

«Rektor sitt syn på saka er at om eleven kjenner seg krenka, har Ole Magnus krenka eleven, sjølv om det ikkje var gjort med hensikt. Rektor meiner det er Ole Magnus sitt ansvar, som den vaksne og profesjonelle i saka, å be om orsak slik at alle kan komme seg vidare.»

– Eg hadde mista all integritet dersom eg hadde signert orsakinga, seier Dalland.

Alver-rådmann, Ørjan Raknes Forthun, seier at kommunen ikkje kan kommentere personalsaker. Han understrekar derimot at saka frå kommunen si side er avslutta. Avisa har tidlegare vore i kontakt med rektor som ikkje ønskjer å kommentere saka. Avisa har også ved fleire høve forsøkt å komme i kontakt med eleven sine føresette gjennom Alver kommune utan å ha lykkast.

– Nedverdigande og trakasserande

Dalland er ikkje den einaste som meiner å ha opplevd kritikkverdig behandling frå kommuneleiinga. Avisa har også omtalt saka der ein 64 år gammal pensjonert lærar blei skulda for å ha krenka ein elev.

Etter å ha jobba på skulen i 28 år følte han seg pressa til å godta ei sluttpakke på 770.000 kroner.

– Det var ekstremt nedverdigande og trakasserande, sa den tidlegare læraren til avisa i fjor.

Denne hendinga fann stad mai, månadar etter Dalland si oppleving.

Heller ikkje denne saka ønsker kommunen å kommentere. Dei viser til dei generelle retningslinjene til kommunen si handtering av saker knytt til Opplæringslova paragraf 9A.

Les også

Slik behandlar Alver kommune saker der elevar føler seg krenka

Den omstridde paragrafen

Opplæringslova paragraf 9A har som mål å sikre elevane eit trygt og godt skulemiljø. Paragraf 9A-5 omhandlar situasjonar der elevar føler seg utsett for krenking frå ein som arbeider ved skulen.

Det har ved fleire høve blitt uttrykka uro for det som blir kalla «krenkelsesbegrepet» i paragrafen.

Forbundssekretær i Skolenes landsforbund, Chris Gøran Holstad, skriv i eit debattinnlegg publisert hjå Dagsavisen i 2019, at paragrafen er bra når det gjeld behandling av mobbesaker. Likevel er han uroa for læraren si rolle i saker der elevar føler seg krenka.

– Skolenes landsforbund kjenner til konkrete saker der vi mistenker at elevar, i nokon grad føresette, utnyttar denne retten for å få fjerna ein lærar dei av ulike årsaker ikkje likar, skriv han.

Elevorganisasjonen meiner derimot at krenkeparagrafen er livsviktig.

– Å foreslå og fjerne den er uakseptabelt. Det var ein samla skulesektor som sto bak denne lova, og den styrker elevane si rettssikkerheit. Det å verne og beskytte elevane mot å bli mobba eller krenka av lærarar er så viktig for elevane sitt skulemiljø, sa dåverande leiar for Elevorganisasjonen Agathe Waage til utdanningsnytt.no i 2018.

– Har lite tillit

Dalland blei sjukemeldt etter hendinga, og slutta på skulen juni same år. I dag er han lærar ved ein annan skule i kommunen.

– Eg reagerer sterkt på måten kommuneleiinga behandlar dei tilsette på. Arbeidsmiljølova må vere fullstendig gløymt, og dei må ha misforstått Opplæringslova heilt, meiner han, og held fram:

– Eg er skuffa, og har veldig lite tillit til kommuneleiinga.

Alver-rådmann Forthun meiner derimot at kommunen har gjort eit grundig arbeid med å få på plass gode rutinar i slike saker.

– Vi skal handtere omsynet til både eleven og læraren gjennom Opplæringslova og Arbeidsmiljølova.

Dalland er ikkje imponert over rådmannen sitt svar, og håper kontrollutvalet på måndag går inn for å sjå vidare på saka.

– Elles blir det ein systemsvikt i kommunen, seier han.

Les meir om saka her:

Les også

I 28 år var han lærar på ungdomsskulen: Så blei han skulda for vald mot elev

Les også

Kritisk til kommunen sin sluttavtale: – Dei har kjøpt seg ut av eit problem

Les også

Chris-Robin, Olav André og Rita hadde den 64 år gamle mannen som lærar: – Han var den beste læraren vi hadde

Les også

Heit debatt om Opplæringslova: – Vi må vise vilje til å lære

Kommentarer til denne saken