Radøygruppen satsar i nedgangstider

IKKJE STRESSA. ENNO: Lasse Ståløy i Radøygruppen seier at 2015 handlar om å komma i mål på ein god måte. Men han ser positivt på framtida, då han forventar at fleire store jobbar kjem til å tikka inn. Førebels kan han garantera arbeid til september for sine tilsette. Men dei reknar heile tida på nye jobbar. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

IKKJE STRESSA. ENNO: Lasse Ståløy i Radøygruppen seier at 2015 handlar om å komma i mål på ein god måte. Men han ser positivt på framtida, då han forventar at fleire store jobbar kjem til å tikka inn. Førebels kan han garantera arbeid til september for sine tilsette. Men dei reknar heile tida på nye jobbar. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Radøygruppen merkar dei tøffe tidene på kroppen. For å stå klare til den forventa oppturen, brukar dei millionar på nytt utstyr.

DEL

– Når det er gode tider er det ein ting du angrar på, og det er at du ikkje gav meir gass i dei dårlege tidene.

Bygger røyrverkstad

Det seier Lasse Ståløy ved Radøygruppen til avisa Nordhordland.

Difor brukar dei no nærare 30 millionar kroner på å kjøpa inn nytt utstyr og tunge maskiner, for å vera klare når tempoet i marknaden aukar att. Mellom anna bygger dei ein nytt røyrverkstad for å stå klare. Dei har og byrja å endra strategien litt for framtida.

– No ser vi på moglegheitene for å levera meir komplette løysingar der vi engineerar, produserer og gjer elektroarbeid og isolering i tillegg. På det viset leverer vi eit meir komplett produkt, seier Ståløy.

Måten dei løyser det på, er at dei fire selskapa under Radøygruppen-paraplyen jobbar meir saman.

Rekordomsetning

– I staden for å berre levera eit produkt, kan ein vera med tidlegare og påverka. Det er vegen vidare, meiner han.

– Kvifor er det bra?

– Det gir oss ein større tryggleik og arbeidsmengd. Om ein har kompetanse på å gå inn og påverka eit produkt gir det større tryggleik for bedrifta, meiner han.

I 2014 omsette dei for rekordhøge 774 millionar kroner, og 813 millionar for heile gruppa samla. I år vert talet monaleg nærare normalen. Håpet er rundt 300 millionar for hovudselskapet.

– I år handlar det om å komma seg i mål. Det er ein tøff marknad i år, seier han.

Likevel ser han lyst på tida framover.

– Det er masse prosjekt i loopen, men til neste år på denne tida har det byrja å skje ting, meiner han.

Førebels har dei ein ordre- reserve fram til september. Men det tikkar stadig inn småjobbar til dei, slik at alle dei 150 tilsette har arbeid. Permitteringar har dei ikkje hatt sidan 2010. For å sikra vidare arbeid går dei breiare ut enn før. Dei tilsette er ute på jobbar både offshore og i Belfast.

– Tidlegare har vi hatt ein viss kundemasse vi har konsentrert oss veldig om, og fått vekst. No må vi gå breiare ut, og det tek litt meir tid, fortel Ståløy.

– Ikkje stressa

Han seier at mange prosjekt vert lagt på is og at det tek lenger tid å få inn nye kontraktar.

– Det er mykje vi reknar pris på som stoppar opp, seier han.

– Korleis er det å forhalda seg til?

– Det er forventa, så ein må heile tida ha masse i loopen, og ein del av dei skal vi ha tak i. Alt er greitt så lenge ein veit kva ein har å forhalda seg til, seier han.

Difor reknar dei fort på 10–12 jobbar i veka til eit par hundre tusen kroner kvar. Dei større prosjekta på titals millionar kroner er det eit par-tre i månaden å rekna på.

– Men det er masse store jobbar der ute vi forventar kjem. Så eg har ei magekjensle av at ting ser greitt ut og eg er ikkje stressa nett no, hevdar han.

Artikkeltags