– Vi såg eit behov

GRÜNDER: Christian Tangen frå Fedje står bak oppdrettstorget.no.

GRÜNDER: Christian Tangen frå Fedje står bak oppdrettstorget.no. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Ny nettstad skal gjere ting enklare for oppdrettsnæringa.

DEL

– Eg følte at det var behov for ein slik nettstad, seier Christian Tangen som står bak den nye nettsida oppdrettstorget.no som vart lansert på seinsommaren i fjor.

Oppdrettstorget er ei side der det kan annonserast etter alt som har med oppdrettsnæring å gjere. Her kan ein selje og ettersøke utstyr og tenester og det er opent for både bruktmarknaden og leverandørar av nytt utstyr.

LES OGSÅ: – Blodig urettferdig

Veksande næring

28-åringen frå Fedje har bakgrunn frå arbeid med oppdrettsanlegg og ideen om nettstaden kom gradvis i dette arbeidet.

– Når vi hadde ting til sal frå anlegget så var det ofte vanskeleg å finna annonseplass for utstyret. Vi såg at behovet var der for ein nettstad for oppdrettsmarknaden, seier Tangen. Han fortel at marknaden er inspirert frå sider som finn.no.

– Det er ein marknadsplass som er open for alle annonsørar innan oppdrettsnæringa, seier Tangen. Den unge gründeren har stor tru på prosjektet.

– Oppdrettsnæringa i Noreg er i vekst og eg trur absolutt det er marknad for ei slik side, seier han. Tangen er så langt godt nøgd med responsen frå miljøet.

– Så langt har vi fått veldig gode tilbakemeldingar, seier Tangen. Han er godt nøgd med den mottakinga oppdrettstorget har fått.

– Sida er enda veldig ny, men etter kvart som folk i miljøet får greie på sida så mottar vi stadig fleire gode tilbakemeldingar. Vi har fått positiv respons både frå leverandørar og oppdrettarar, seier Tangen.

– Mange kjem også med gode tips til vidare arbeid med nettstaden, fortel Tangen.

Vidare utvikling

– Vi jobbar heile tida for å utvikle sida vidare, fortel Tangen.

– Vi planlegg å få til ein CV-database der folk som er ute etter jobb kan legge inn CV og komme i kontakt med moglege arbeidsgivarar. Då vert sida relevant for fleire og gjev ein moglegheit for dei som er ute etter jobb, seier Tangen. Når sida skal utviklast så vert det jobba for ei best mogleg brukaroppleving.

– Vi jobbar for at det skal vere brukarvennleg, samtidig som vi må ta omsyn til persontryggleik, seier Tangen.

LES OGSÅ: Fedje protesterer mot oppdrettsnekt

Håper det vert lønsamt

– Det er ikkje lønsamt enda, men målet er at det skal bli lønsamt. Til no har det vore dugnadsarbeid, seier Tangen.

– Vi har oppunder 100 personar inne på sida kvar dag og vi har opplevd vekst dei siste månadene, seier Tangen som har ambisjonar for sida.

– Målsettinga for 2015 er at sida skal vere kjend i miljøet, fortel Tangen. Skal nettstaden verte kjend så er det viktig med god marknadsføring.

– Foreløpig marknadsførar vi hovudsakleg gjennom sosiale medium, men vi vil etter kvart vurdera og sjå til fleire kanalar, seier Tangen.

Artikkeltags