– Folk et alt for lite fisk

Birkeland fisk og sjømat opnar på Frekhaug. – Det blir spennande, eg håpar folk vil bruka dette nye tilbodet, seier dagleg leiar May Britt Birkeland og eigar Jan Arve Birkeland, her frå innspurten før opninga.

Birkeland fisk og sjømat opnar på Frekhaug. – Det blir spennande, eg håpar folk vil bruka dette nye tilbodet, seier dagleg leiar May Britt Birkeland og eigar Jan Arve Birkeland, her frå innspurten før opninga. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Frå i dag kan ein få nysteikte fiskekaker på Frekhaug kvar dag.

DEL

– Ideen om å opna fiskebutikk har vi hatt i mange år, men det er ikkje så lenge sidan vi tok til å realisera planen, fortel butikkeigar Jan Arve Birkeland.

– Folk et alt for lite fisk, det er ein av grunnane til at vi startar opp, fortel Birkeland.

LES OGSÅ: No gir Motorsenteret gass igjen i nye lokale

Lørdag opnar Birkeland Fisk og Sjømat i paviljongen på Frekhaug senter, på plassen framfor bibliotekinngangen.

– Vi vil ha fiskekaker, fiskesuppe og fiskegrateng, alt vert produsert dagleg, fortel han.

Alt av fiskeprodukt som vert seld i butikken skal dei produsera sjølv. I tillegg vil ein finna fersk kortreist fisk i disken.

Lokale leverandørar

– Vi ønsker å laga det som folk vil ha, der er vi open for forslag. I tillegg finn du torsk, lyr og sei, det vanlege som folk vil ha, fortel Birkeland.

Råvarene er det lokale fiskeleverandørar som skal stå for. Verksemda er ein familiebedrift, og dottera May Britt Birkeland vil bli å finna bak disken som dagleg leiar.

LES OGSÅ: Misjon på flyttefot – Opnar ny butikk på torsdag

– Ho har stått mykje på torget med meg og seld krabbe, fortel Jan Arve.

Etter at ho mista jobben sin som faglært arbeidar i oljebransjen grunna nedgangen der, er ho glad for at ho kan vera med på å skapa sin eigen arbeidsplass.

– Det blir spennande, eg håpar folk vil bruka dette nye tilbodet, seier ho, spent på responsen frå kundane.

Ho har stor tru på dei eigenproduserte fiskekakene.

Eigen oppskrift

– Det er knallgode fiskekaker frå eigen oppskrift, det er noko anna enn vakuumpakka fabrikkfiskekaker, lovar ho.

Dei siste to vekene har det vore hektisk aktivitet for å få alt på plass.

LES OGSÅ: Rossland får ny butikk 

– Vi har fått veldig mykje hjelp frå gode vener, utan dei hadde vi ikkje klart dette, seier ho.

Artikkeltags